Songen Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scary Monsters (and Super Creeps)
Singel av David Bowie
frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps)
B-side «Because You’re Young»
Utgjeve 2. januar 1981
Innspelt Power Station, New York
Good Earth, London
April 1980
Sjanger Rock, Post-punk
Lengd 3:27 (singel)
5:10 (album)
Selskap RCA Records
BOW 8
Produsent David Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi
«Fashion»
(1980)
Scary Monsters (and Super Creeps) «Up the Hill Backwards»
(1981)

«Scary Monsters (and Super Creeps)» er tittelsporet på albumet til David Bowie frå 1980, Scary Monsters (and Super Creeps). Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i januar 1981. Sidan han kom ut etter dei to tidlegare hitsinglane frå Scary Monsters, «Ashes to Ashes» i august 1980 og «Fashion» i oktober same året, meinte NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray at det «føyde seg inn i rekka av den gamle tradisjonen i å mjølke album så langt det var mogeleg».[1]

Musikalsk er songen merkverdig for sologitaren til Robert Fripp og den særeigne syntetiske perkusjonen. Teksten, sungen av Bowie i ein slags cockney-aksent, omhandlar ei kvinne som trekkjer seg attende frå verda og vert galen («When I looked in her eyes they were blue but nobody home ... Now she's stupid in the street and she can't socialise»). Tematisk er songen samanlikna med Joy Division sin «She's Lost Control» (1979),[1] og til den «klaustrofobiske romansen» i samarbeidet med Iggy Pop i 1977 på albuma The Idiot og Lust for Life.[2]

Den redigerte singelen nådde 20. plass i Storbritannia. I tillegg til vinyl vart singelen òg gjeven ut på kassett. Songen har vorte spelt ein del på konsertane til Bowie.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Scary Monsters (and Super Creeps)» (Bowie) – 3:27
  2. «Because You're Young» (Bowie) – 4:51

Den franske utgåva av singelen hadde «Up the Hill Backwards» som B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowie framførte songen på Saturday Night Live den 8. februar 1997. Dette vart seinare gjeven ut på albumet Saturday Night Live - 25 Years Volume 1.
  • Bowie og Reeves Gabrels spelte ein heilakustisk countryversjon av songen for radiostasjonen WRXT i Canada den 16. oktober 1997.
  • Bowie spelte songen med Nine Inch Nails fleire gonger under Outside-turneen.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Black - Konsert i lag med David Bowie
  • Ex-Voto - Goth Oddity: A Tribute to David Bowie (1999)
  • Sepulcrum Mentis - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
  • Tides of Mars - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Superchunk - Cup of Sand

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.112-115
  2. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.180