Songen Surf's Up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjå også: Albumet Surf's Up og Filmen Surf's Up.

Surf's Up
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surf's Up
Utgjeve 8. november 1971
Innspelt 1966–1967, 1971
Sjanger Barokk pop, sunshine pop
Lengd 4:12
Selskap Brother/Reprise
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi
«Long Promised Road» Surf's Up «You Need a Mess of Help to Stand Alone»
(1972)

«Surf's Up» er ein song skriven av Brian Wilson og Van Dyke Parks. Songen var meint som ein av dei sentrale songane på det skrinlagde Beach Boys-albumet Smile, som vart påbegynt seint i 1966, men skrinlagt i midten av 1967. Songen var tomarbeidd og gjeve ut som tittelsporet på albumet Surf's Up i 1971. Songen er òg ein del av Brian Wilson si nyinnspeling av SMiLE frå 2004.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Heile akkompagnementet til songen vart spelt inn og miksa i november 1966, men vokalen og andre lydspor mangla, samt at slutten på songen mangla. Songen vart heller aldri gjort ferdig på denne tida.

I 1971 vart songen gjort ferdig av The Beach Boys med Carl Wilson i føringa. Produksjonen av songen er tilskriven The Beach Boys, men det meste av dei instrumentale partia vart gjort av Carl Wilson. Den første delen har ny vokal av Carl Wilson oppå akkompagnementet frå 1966, samt nokre fleire instrument.

Den andre delen har hovudsakleg Brian Wilson på vokal og piano frå den opphavlege innspelinga frå 1966. Den tredje delen er ein kombinasjon av avslutninga på songen frå 1966 med ny vokal og solovokalen til Al Jardine. Den nye slutten på songen var av Brian Wilson. Slutten er basert på ein anna song frå Smile-tida, «Child is the Father of the Man».

Denne nye utgåva vart gjeven ut som singel og kom med på albumet med same namn i 1971. B-sida av singelen var «Don't Go Near the Water».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]