Songen Surfin' USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Surfin' U.S.A.»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surfin' USA
Språk engelsk
Utgjeve 4. mars 1963
Innspelt 5. januar 1963
Sjanger Surferock
Lengd 2:27
Selskap Capitol Records
Komponist Chuck Berry, Brian Wilson
Tekstforfattar Chuck Berry, Brian Wilson, Mike Love
Produsent Nick Venet
The Beach Boys-kronologi 
«Ten Little Indians»
(1962)
«Surfin' U.S.A.» «Surfer Girl»
(1963)


«Surfin' U.S.A.» er ein song skriven av Brian Wilson for The Beach Boys til melodi av Chuck Berry sin «Sweet Little Sixteen». Berry er tilskriven melodien på songen.[1] «Surfin' USA» vart innspelt av The Beach Boys og gjeven ut som singel den 4. mars 1963 og finst òg på albumet med same namn frå 1963. B-sida til singelen er «Shut Down». Songen har Mike Love på solovokal.

Songen vart spelt inn av tenåringsidolet Leif Garrett i 1977, som nådde Topp 20 med denne utgåva i USA. Songen er òg ein kjend del av den populære filmen Teen Wolf med Michael J. Fox frå 1985.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

If ev'rybody had an ocean across the U.S.A.,
Then ev'rybody'd be surfin' like Californ-I-A.
You'd see 'em wearin' their baggies. Huarachi sandals, too.
A bushy bushy blonde hairdo. Surfin' U.S.A

Brian Wilson

I følgje Brian Wilson var songen påverka av forskjellige artistar som Chubby Checker og Chuck Berry, og av litlebroren til kjærasten Judy, Jimmy Bowles. Jimmy Bowles var guten som lagde lista over surfestader som er nemnde i songen.[2] Songen vart laga til melodien av Chuck Berry-songen «Sweet Little Sixteen».

Surfestader[endre | endre wikiteksten]

Då songen vart skriven var Brian Wilson kjærast med Judy Bowles. Bror hennar, Jimmy Bowles, var ein ivrig surfar. Wilson ønskte å skrive ein song der alle surfestadane i staten vart nemnde, på liknande måte som Chubby Checker gjorde i «Twistin' U.S.A.»[2]. Wilson bad Jimmy Bowles om å lage ei liste over alle surfestadane han kunne kome på.[2]

Følgjande stader er nemnde i songen:

Singelen[endre | endre wikiteksten]

Singelen «Surfin' USA» hadde «Shut Down» på B-sida vart gjeven ut på Capitol Records i USA i mars 1963. Songen nådde 3. plass på Billboard-lista og B-sida 23. plass. Songen vart gjeven ut i USA igjen i juli 1974 og nådde denne gongen 36. plass.

Singelen vart òg gjeven i fleire andre land i 1963. Han nådde 34. plass i Storbritannia, 9. plass i Australia, 6. plass i Sverige og 6. plass i Canada.

Opphavsrett[endre | endre wikiteksten]

Då songen kom ut i 1963 stod Brian Wilson som einaste låtskrivar. Så snart songen vart ein hit hevda Chuck Berry at melodien var hans, ein kopi av «Sweet Little Sixteen»[2], men i følgje Wilson sjølv er det fleire musikkologar som ikkje er samde i dette.[2] I følgje Wilson gav faren Murry Wilson opphavsretten til melodien til Chuck Berry utan å informere sonen, men det var første tjuefem år seinare han skjønte at faren òg hadde gjeve bort opphavsretten til teksten, som heilt klart ikkje var Berry sin.[2] Chuck Berry sa likevel at han likte songen særs godt.[3]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er Papa Doo Run Run, The Jesus and Mary Chain, Blind Guardian, Melt Banana, Aaron Carter, Frank Sidebottom, Alvin and the Chipmunks og Pennywise.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.arcmusic.com/searchresults.aspx?track=81367
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Wouldn't It Be Nice: My Own Story av Brian Wilson og Todd Gold. Utgjeve av Harpercollins, 1991. ISBN 0-06-018313-6
  3. Good Timin': Live at Knebworth England 1980 DVD, 2002.