Songen The Buddha of Suburbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Buddha of Suburbia
Singel av David Bowie med Lenny Kravitz
frå albumet The Buddha of Suburbia
B-side

Dead Against It

Utgjeve 22. november 1993
Innspelt Mountain Studios i Montreux, sommaren 1993
Sjanger Rock
Lengd 4:24
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, David Richards
David Bowie-kronologi 
«Miracle Goodnight»
(1993)
The Buddha of Suburbia «The Hearts Filthy Lesson»
(1995)
Lenny Kravitz-kronologi
«Heaven Help»
(1993)
The Buddha of Suburbia «Is There Any Love in Your Heart»
(1993)


«The Buddha of Suburbia» er kjenningsmelodien til BBC-serien med same namn, skriven og framført av David Bowie i 1993. Han vart spelt inn på ny med Lenny Kravitz for Bowie-albumet som òg vart kalla The Buddha of Suburbia, og som var inspirert av musikken han skreiv for serien. Singelen nådde 35. plassen på den britiske singellista.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen var ein av få songar frå serien som faktisk vart nytta uendra for albumet. Den nostalgiske teksten høvde til stilen som var ein slags etterlikning av tidlegare songar av Bowie, samstundes som det høyrdest nytt ut. To stader i songen referer Bowie til to av sine eigne, gamle songar, mellom anna gitarpausen frå «Space Oddity» og linja «Zane, zane, zane, ouvre le chien» frå «All the Madmen».

Forvirrande nok var det gjeve ut ulike versjonar av songen, utan noko i tittelen som skilde dei. Albumspor nummer 1 («Buddha of Suburbia») er utan Lenny Kravitz. Albumspor nummer 10 er med Kravitz. Spor nummer 4 på CD-singelen er kalla «Buddha of Suburbia (Rock Mix)», men er den same som albumspor nummer 10. Spor nummer 1 på CD-singelen er berre kalla «Buddha of Suburbia», men står oppført som «med Lenny Kravitz på gitar». Ei nøye samanlikning har synt at denne songen er hovudsakleg den same som spor nummer 1 på albumet, men har endinga frå albumspor nummer 10 (med Lenny Kravitz) i staden for den originale endinga til spor nummer 1.

I tillegg er det eit par sekund med «støy» på slutten av spor nummer 1 på albumversjonen. Denne lyden finst ikkje på slutten av nokre av singelversjonar, og på 2007-utgåva av albumet er denne lyden flytta til byrjinga av spor nummer 2 i staden.

Det vart laga ein musikkvideo for songen der Bowie framfører songen vandrande rundt i ein forstad (suburb) i England, blanda med scenar frå serien.

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Songen skapte ein mindre kontrovers på begge sider av Atlanteren då Radio 1 laga ein redigert versjon som dekte til ordet «bullshit» i teksten, og amerikanske nettverk redigerte om videoen for å fjerne klipp der Bowie røykjer ein sigarett.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Alan Jones frå Music Week skreiv, «TV-serien er basert i syttiåra og tittelsongen til Bowie framkallar både denne perioden og musikken hans frå den gongen. Den uvanlege teksten kan skape problem på radio, men det er framleis kommersielt og fengande.»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av David Bowie.

7" vinylsingel[endre | endre wikiteksten]

  • Storbritannia, Tyskland, Nederland: Arista-BMG / 74321 17705 7
Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Buddha of Suburbia»4:24
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Dead Against It»5:48

Kassettsingel[endre | endre wikiteksten]

  • Storbritannia, Tyskland, Nederland: Arista-BMG / 74321 17705 4
Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Buddha of Suburbia»4:24
2.«Dead Against It»5:48
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Buddha of Suburbia»4:24
2.«Dead Against It»5:48

CD-singel[endre | endre wikiteksten]

  • Storbritannia, Tyskland, Nederland: Arista-BMG / 74321 17705 2
Nr.TittelLengd
1.«Buddha of Suburbia»4:24
2.«South Horizon»5:26
3.«Dead Against It»5:48
4.«Buddha of Suburbia (Rock Mix)»4:24

Collectors Edition CD-singel[endre | endre wikiteksten]

Samlarutgåve med holografisk CD

  • UK: Arista-BMG / 74321 18168 2
Nr.TittelLengd
1.«Buddha of Suburbia»4:24
2.«Dead Against It»5:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chart Stats - David Bowie - The Buddha of Suburbia». Arkivert frå originalen 7. juli 2007. Henta 14. september 2021. 
  2. Jones, Alan (27. november 1993). «Market Preview: Mainstream - Singles» (PDF). Music Week: 18. Henta 14. september 2021.