Songs from the Wood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Songs from the Wood
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 11. februar 1977
Innspelt September til november 1976
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Progressiv folk, progressiv rock
Lengd 41:17
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson
Jethro Tull-kronologi 
Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!
(1976)
Songs from the Wood Repeat – The Best of Jethro Tull – Vol II
(1977)


Singlar frå Songs from the Wood
  1. «Ring Out, Solstice Bells»
    Utgjeve: 3. desember 1976
  2. «The Whistler»
    Utgjeve: 11. februar 1977
  3. «Songs from the Wood»
    Utgjeve: 1977 (berre New Zealand)

Songs from the Wood er det tiande studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i februar 1977. Albumet var ei ny retning for bandet basert på britisk heidensk folklore og landsbyliv i ein folkrockstil som kombinerer tradisjonelle instrument og melodiar med trommer og elektrisk gitar frå hardrocken.[1]

Det vert rekna som det første i ein trio av folkrockalbum (Songs from the Wood, Heavy Horses (1978) og Stormwatch (1979)).[2]

På albumet står det ein lengre undertittel: «Jethro Tull – with kitchen prose, gutter rhymes and divers – Songs from the Wood» eller «Jethro Tull - med kjøkkenprosa, rennesteinsrim og diverse - Songs from the Wood». To av desse uttrykka dukkar opp i teksten på tittelsporet.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn like etter turneen etter det førre albumet, Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! (1976). Anderson ønskte å endre den musikalske stilen til bandet. Han hadde mellom anna produsert album i folkrockmiljøet, som Steeleye Span sitt Now We Are Six (1974). Anderson sa: «Etter Too Old to Rock and Roll drog me heim til England og eg slo meg ned, gifta meg og kjøpte eit hus. Det gav meg høve til å evaluere og reflektere over den kulturelle og historiske tydinga av å forplikte seg det å bu i England.»[3]

Albumet var det første Jethro Tull-albumet med klaverspelaren David Palmer som offisielt bandmedlem, som gjorde musikken meir kompleks og variert. Både Palmer og Martin Barre bidrog med å skrive musikk til albumet.

På songen «Jack-in-the-Green» spelar Ian Anderson alle instrumenta sjølv.

Musikalsk stil og tema[endre | endre wikiteksten]

Albumet er fylt med bilete frå britisk mellomalder (særleg i «Jack-in-the-Green», «Cup of Wonder» og «Ring Out Solstice Bells»), og dekorative folk-arrangement (som på «Velvet Green» og «Fire at Midnight»), eller meir eksperimentell musikk som på «Pibroch (Cap in Hand)» der Martin Barre simulerer sekkepiper på gitaren.[2] Albumet er eit steg til sida frå hardrocken på tidlegare Jethro Tull-album, sjølv om det framleis er element av den eldre stilen til bandet. Anderson var dels inspirert av boka Folklore, Myths and Legends of Britain som han fekk av den dåverande manageren til Tull, Jo Lustig i 1976. I følgje Anderson gav boka «meg heilt klårt tankar om figurar og soger som dukka opp i songane mine på Songs From the Wood, som så vart ført vidare på Heavy Horses og Stormwatch[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
NME(særs positiv)[5]
SputnikMusic4/5 stars[6]

Songs from the Wood var det første Tull-albumet som fekk positive meldingar over heile fjøla sidan Living in the Past (1972). AllMusic kalla albumet «det venaste Jethro Tull-albumet sidan minst Thick as a Brick».[1]

I meldinga for Heavy Horses (1978) i Rolling Stone stod det at Songs from the Wood «kan ha vore det beste albumet gruppa spelte inn.»[7]

Songs from the Wood var med på lista The 100 Greatest Prog Albums of All Time av Prog på ein 76. plass.[8]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Albumet har selt meir enn éin million eksemplar i USA og nådde åttandeplassen på Billboard-lista, som det siste albumet deira som nådde topp 10 i USA. Songen «The Whistler» var den einaste songen som gjekk inn på lista som singel i USA, då han nådde 59. plassen på Billboard Hot 100 våren 1977. I Danmark nådde albumet åttandeplassen.[9] I Storbritannia selde albumet over 100 000 eksemplar og nådde 13. plassen på UK Albums Chart.[10][11]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner Ian Anderson ute i skogen. Det er eit bilete som er teikna over, noko ein kan sjå på trea, støvlane til Anderson og snuten på hunden. Det vart laga av kunstnaren Jay L. Lee.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson med ekstra materiale av Martin Barre og Dee Palmer.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Songs from the Wood»4:52
2.«Jack-in-the-Green»2:27
3.«Cup of Wonder»4:30
4.«Hunting Girl»5:11
5.«Ring Out, Solstice Bells»3:43
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Velvet Green»6:03
7.«The Whistler»3:30
8.«Pibroch (Cap in Hand)»8:35
9.«Fire at Midnight»2:26
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Beltane»5:19
11.«Velvet Green» (live)5:56

40-årsjubileumsutgåva frå 2017 - The Country Set[endre | endre wikiteksten]

Den 17. mai 2017 gav Jethro Tull ut albumet på ny i ein plateboks med fem plater. Dette kom med eit hefte på 96 sider med kommentarar av kvart enkelt song og tilknytte innspelingar av Anderson. Steven Wilson miksa heile albumet og bonusspora på nytt, inkludert dei tidlegare ikkje utgjevne «Old Aces Die Hard» og «Working John, Working Joe». Den andre og tredje plata inneheld 22 konsertopptak som ikkje før var gjevne ut, spelt inn under den amerikanske delen av Songs from the Wood-turneen i 1977 frå 21. november til 6. desember, miksa av Jakko Jakszyk. Samlinga inneheld òg DVD-ar.[12]

CD 1: Steven Wilson stereomiks av albumet og tilknytte innspelingar
Nr.TittelLengd
1.«Songs From The Wood»4:55
2.«Jack-In-The-Green»2:31
3.«Cup Of Wonder»4:34
4.«Hunting Girl»5:10
5.«Ring Out, Solstice Bells»3:48
6.«Velvet Green»6:05
7.«The Whistler»3:31
8.«Pibroch (Cap In Hand)»8:35
9.«Fire At Midnight»2:27
10.«Old Aces Die Hard merknad10 = ikkje før utgjeven»8:41
11.«Working John, Working Joe» (ikkje før utgjeven)5:11
12.«Magic Bells (Ring Out, Solstice Bells)»3:25
13.«Songs From The Wood» (uredigert master)4:53
14.«Fire At Midnight» (ikkje før utgjeven uredigert master)2:35
15.«One Brown Mouse» (tidleg versjon)3:35
16.«Strip Cartoon»3:19
17.«The Whistler» (amerikansk singelmiks)3:32
CD 2: Live in Concert 1977
Nr.TittelLengd
1.«Wond’ring Aloud»2:33
2.«Skating Away on the Thin Ice of the New Day»4:04
3.«Jack-in-the-Green»3:14
4.«Thick as a Brick»13:15
5.«Songs from the Wood»6:01
6.«Instrumental»2:27
7.«Drum Solo Improvisation»4:16
8.«To Cry You a Song»2:33
9.«A New Day Yesterday»2:54
10.«Flute Solo Improvisation interpolating – God Rest Ye Gentlemen/Bourée»8:14
11.«Living in the Past/ A New Day Yesterday (reprise)»2:32
CD 3: Live in Concert 1977
Nr.TittelLengd
1.«Velvet Green»6:26
2.«Hunting Girl»5:39
3.«Too Old To Rock ‘n’ Roll: Too Young To Die»4:16
4.«Minstrel In The Gallery»5:39
5.«Cross-Eyed Mary»3:45
6.«Aqualung»8:32
7.«Instrumental Improvisation»3:31
8.«Wind-Up»4:54
9.«Back Door Angels / Guitar Improvisation /Wind Up (reprise)»7:15
10.«Locomotive Breath»5:47
11.«Land Of Hope And Glory / Improvisation / Back Door Angels (reprise)»4:00
DVD 1: Steven Wilson 5.1 kringlyd- og stereomiks og flat overføring av original stereoversjon og kvadrofonisk miksar av albumet og tilknytte innspelingar
Nr.TittelLengd
1.«Songs From The Wood (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»4:55
2.«Jack-In-The-Green (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»2:32
3.«Cup Of Wonder (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»4:34
4.«Hunting Girl (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»5:10
5.«Ring Out, Solstice Bells (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»3:48
6.«Velvet Green (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»6:05
7.«The Whistler (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»3:32
8.«Pibroch (Cap In Hand) (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»8:36
9.«Fire At Midnight (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»2:28
10.«Old Aces Die Hard (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»8:41
11.«Working John, Working Joe (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»5:12
12.«Magic Bells (Ring Out, Solstice Bells) (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»3:25
13.«Songs From The Wood (unedited master) (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»4:53
14.«Fire At Midnight (unedited master) (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»2:36
15.«One Brown Mouse (early version) (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»3:35
16.«Strip Cartoon (Steven Wilson Remix in 96/24 PCM Stereo)»3:19
17.«Songs From The Wood (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»4:55
18.«Jack-In-The-Green (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»2:32
19.«Cup Of Wonder (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»4:34
20.«Hunting Girl (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»5:10
21.«Ring Out, Solstice Bells (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»3:48
22.«Velvet Green (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»6:05
23.«The Whistler (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»3:32
24.«Pibroch (Cap In Hand) (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»8:36
25.«Fire At Midnight (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»2:28
26.«Old Aces Die Hard (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»8:41
27.«Working John, Working Joe (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»5:12
28.«Magic Bells (Ring Out, Solstice Bells) (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»3:25
29.«One Brown Mouse (early version) (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»3:34
30.«Strip Cartoon (Steven Wilson DD/DTS 5.1 Surround Remix)»3:19
31.«Songs From The Wood (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»4:56
32.«Jack-In-The-Green (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»2:32
33.«Cup Of Wonder (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»4:34
34.«Hunting Girl (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»5:14
35.«Ring Out, Solstice Bells (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»3:50
36.«Velvet Green (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»6:05
37.«The Whistler (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»3:33
38.«Pibroch (Cap In Hand) (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»8:37
39.«Fire At Midnight (96/24 PCM Flat Transfer – Original Stereo Master)»2:31
40.«Songs From The Wood (Flat Transfer of Original Quad Master-DTS/DD 4.0 Surround)»4:56
41.«Jack-In-The-Green (Flat Transfer of Original Quad Master-DTS/DD 4.0 Surround)»2:33
42.«Velvet Green (Flat Transfer of Original Quad Master-DTS/DD 4.0 Surround)»6:08
43.«The Whistler (Flat Transfer of Original Quad Master-DTS/DD 4.0 Surround)»3:34
DVD 2: Live at The Capital Centre, Landover, Maryland, 21. november 1977
Nr.TittelLengd
1.«Wond’ring Aloud»2:35
2.«Skating Away On The Thin Ice Of The New Day»4:18
3.«Jack-In-The-Green»3:31
4.«Thick As A Brick»13:47
5.«Songs From The Wood»6:04
6.«Instrumental/Drum Solo Improvisation»6:44
7.«To Cry You A Song»2:34
8.«A New Day Yesterday»2:54
9.«Flute Solo Improvisation interpolating – God Rest Ye Gentlemen/Bourée»8:15
10.«Living In The Past/ A New Day Yesterday (reprise)»2:36
11.«Velvet Green»6:26
12.«Hunting Girl»5:49
13.«Too Old To Rock ‘n’ Roll: Too Young To Die»4:23
14.«Minstrel In The Gallery»5:42
15.«Cross-Eyed Mary»3:45
16.«Aqualung»9:56
17.«Instrumental Improvisation»3:34
18.«Wind-Up»4:54
19.«Back Door Angels / Guitar Improvisation /Wind Up (reprise)»7:18
20.«Locomotive Breath»6:20
21.«Land Of Hope And Glory / Improvisation / Back Door Angels (reprise)»4:02
22.«Beethoven’s Ninth (with original audio)»3:20
23.«The Whistler (promo footage)(mono)»3:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Andre medverkande
  • Robin Black – lydteknikar
  • Thing Moss og Trevor White – assisterande lydteknikarar
  • Keith Howard – treutskjering
  • Jay L. Lee – framside
  • Shirt Sleeve Studio – bakside

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. Songs from the WoodAllmusic. Henta 12. mai 2019.
  2. 2,0 2,1 Hughes, Rob (23. januar 2015). «Jethro Tull: keeping the folk fires burning». ClassicRock.TeamRock.com. Henta 12. mai 2019. 
  3. Scapelliti, Christopher (September 1999). ««Tull Tales» article on Guitar World». TullPress.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 12. mai 2019. 
  4. Martin Webb. Songs From the Wood 40th Anniversary Edition booklet. Chrysalis Records. s. 13. 
  5. Humphries, Patrick (5. mars 1977). «Jethro Tull Press: Jethro Tull - Songs from the Wood (1977) album review on New Musical Express». TullPress.com. Henta 12. mai 2019. 
  6. «Jethro Tull - Songs from the Wood (1977) album review by vanderb0b». SputnikMusic.com. 1. august 2010. Henta 12. mai 2019. 
  7. Bloom, Michael (21. september 1978). «Jethro Tull - Heavy Horses (1978) album review». RollingStone.com. Arkivert frå originalen 25. november 2017. Henta 12. mai 2019. 
  8. «The 100 Greatest Prog Albums of All Time». Prog magazine (www.Prog.TeamRock.com). 6. august 2014. 
  9. Jethro Tull - «Songs from the Wood» song on Danish Charts at http://DanskeHitLister.dk
  10. «Worldwide album charts of Jethro Tull albums». Tsort.info. Henta 12. mai 2019. 
  11. «UK chart history of Jethro Tull - Songs from the Wood (1977) album». www.ChartStats.com. Henta 12. mai 2019. 
  12. Sinclair, Paul. «NEWS Jethro Tull / Songs From The Wood / 40th anniversary deluxe edition». Super Deluxe Edition. Henta 2. mai 2017. 
  13. Jethro Tull - Songs from the Wood (1977) album liner notes [Album cover]. Chrysalis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]