Sonic the Hedgehog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sonic the Hedgehog er eit plattformspel utvikla av Sonic Team i 1991 for konsollane Sega Master System, Sega Megadrive og Sega Game Gear. Det er det første spelet i ein serie om figuren med same namn. Sonic the Hedgehog, eller berre Sonic, er eit pinnsvin som må hindra den onde Dr. Robotnik i å få tak i dei seks kaos-smaragdene. Sonic må gjennom seks brett som igjen er delt opp i tre akter. Ved slutten på kvar tredje akt, ventar Dr. Robotnik i ei av farkostene sine.

I spelet kan Sonic springe, hoppe og rulle i høg fart. Bretta inneheldt blant anna sprettertar, bakkar og sløyfer. Ved kvar akt må Sonic samle saman nok gullringar og unngå badniks, dyr som Dr Robotniks har fanga og gjort om til robotar ute etter Sonic. Sonic kan hoppe på Badniks for å frigje dei innestengde dyra. Sonic må og unngå spikerfelt som plutseleg dukkar opp, bunnlause hol og andre feller. Det er og område som leier under vatn, der Sonic kan drukne om han ikkje får luft tidssnok.

Målet til Sonic er å samle saman nok gullringar utan å miste dei, så han etterkvart kan bli til Super-Sonic. Klarar han det, hamnar Sonic ved eit spesialbrett istaden for å direkte til neste akt. Her har Sonic moglegheita til å få tak i ein av dei sju kaos-smaragdane som trengst for å gjere han om til Super-Sonic. Sonic mister alle ringane han har samla om han spring på ein badnick, eller ei anna felle. Om Sonic ikkje har nokon ring, mister spelaren eit av dei tre liva. Om Sonic hamnar i eit bunnlaust hol eller spikerflet, mister han eit liv uansett. Fleire liv kan skaffast ved å samle saman 100 ringar.

8-bits utgåver[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Sonic the Hedgehog for Game Gear og Master System er basert på 16-bits utgåva, er det nokre skilnader grunna maskinvara. Designet av bretta er forskjellig og tre verdnar er originale. Sonic kan ikkje samle saman igjen gullringer som han har mista og ein kaos-emarald ligg skjult på ein av dei tre aktane på kvart brett. Det er heller ingen løkker å springe gjennom, som Sonic-spela etterkvart vart kjende for.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]