Sonja Henie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sonja Henie, januar 1931.

Sonja Henie (fødd 8. april 1912 i Kristiania, død 12. oktober 1969 på ein flyreise mellom Paris og Oslo) var ei norsk framifrå og internasjonalt vidgjeten kunstløparinne som vann gullmedaljar i kunstløp (dans på skeiser) i tre vinterolympiadar og tok fyrsteplassar i fleire verdsmeisterskap og europameisterskap, og gjorde karriere som profesjonell isdansarinne. Saman med ektemannen, skipsreiar Niels Onstad, stod ho for skiping og finansiering av det viktige norske biletkunstmuseet Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum kommune, der premiesamlinga hennar òg er stilt ut.

Sonja Henie vart fødd i Oslo (som då heitte Kristiania). Foreldra var Selma Lochmann-Nielsen (1888-1961) og Wilhelm Henie (1872-1937).

Sonja Henie vann gull i dei tre olympiadane 1928, 1932 og 1936, vann ti verdsmeisterskap og seks europameisterskap på rad (1927–1936 og 1931–1936). Ho gjekk for Oslo Skøiteklub (ein klubb som som på 1930-talet gjorde mykje for å organisere skeiseløp for kvinner). I 1937 vart Sonja Henie riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Under olympiaden i 1936 i Garmisch-Partenkirchen, der Adolf Hitler var til stades då Sonja Henie sigra suverent, gjorde ho nazihilsen med høgrearmen utstrekt, i motsetnad til 16 år gamle Laila Schou Nilsen (kjend som både skeiseløpar, alpinist og tennisspelar), som vann bronse i alpint, men nekta å gjere nazihilsen. Sonja Henies haldning til nazismen i 1930- og 40-åra har vore kritisert og diskutert. I 1941 vart ho amerikansk statsborgar, og til liks med andre Hollywood-stjernar gav ho si støtte til dei amerikanske troppane gjennom United Service Organizations. Men ho tok ikkje avstand frå nazismen og den tyske okkupasjonen av Noreg på ein så klår måte som mange nordmenn og norske immigrantar i USA meinte var på sin plass.

Sonja Henie vart profesjonell isdansar i 1937, og var deretter med i ei rad internasjonale isshow og i fleire amerikanske skeisefilmar. Ho vart ei av dei internasjonalt mest kjende norske kvinnene, og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Olympiske medaljar[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Sveits Vinter-OL 1928[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Noreg Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gold medal icon.svg Gull i kunstløp singel

Det amerikanske flagget Vinter-OL 1932[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Noreg Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gold medal icon.svg Gull i kunstløp singel

Flagget til Nazi-Tyskland Vinter-OL 1936[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Noreg Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gold medal icon.svg Gull i kunstløp singel

Verdsmeisterskapsmedaljar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sonja Henie