Sonja Irene Sjøli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sonja Irene Sjøli i 2009
Foto: Kjetil Ree

Sonja Irene Sjøli (fødd 6. juni 1949 i Hamar, Hedmark) er ei norsk jordmor og ein politikar frå Høgre. Ho var seti på Stortinget for Akershus fylke sidan 1997 og var 2. vararepresentant i perioden 1993–2007. Frå 1979 til 1987 var ho kommunestyremedlem i Eidsvoll, og på nytt frå 1999 til 2001, dei første åtte åra også som formannskapsmedlem. Ho var leiar i Akershus Høgre 1994–2003, medlem av Høgres sentralstyre i same periode, og var leiar av det kvinnepolitiske utvalet til Høgre 1998–2000.

Sjøli er utdanna sjukepleiar frå Hedmark sjukepleiarhøgskole (1971) og jordmor frå Statens Jordmorhøgskole (1976). Ho har også studert kunsthistorie og sosiologi, og har arbeidd ved sjukehuset i Stensby, i Eidsvoll kommune og ved universitetssjukehuset i Akershus. Ho var redaktør av Tidsskrift for jordmødre 1987–1989, og var valt til leiar av Den norske Jordmorforening 1989–1993, visepresident i International Confederation of Midwives 1990–1993, i tillegg som arbeidande president i sistnemnde 1993–1997. Rådsleiar for Kvinneuniversitetet i Løten 2001–2002.

Ho mottok Paul Harris Fellow-medaljen frå Rotary i 1998, og vart æresmedlem i Den norske Jordmorforening i 1999. Ho har laga undervisningsfilm, og delteke i ei rekkje offentlege utval.

Stortingets presidentskap[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sonja Irene Sjøli