Sonja Kovalevskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kovalevskaja i 1880

Sofija Vasilijeva Kovalevskaja og sidan Sonja Kovalevskaja (15. januar 185010. februar 1891) var ein russisk matematikar og forfattar.

I 1868 gifta ho seg med paleontologen Vladimir Kovalevskij for å få løyve til å studere utanlands. Ho studerte først i Heidelberg og seinare privat med Karl Weierstrass i Berlin, fordi forelesningane ved universitetet ikkje var opne for kvinner. I 1874 fekk ho doktorgraden in absentia i Göttingen. I 1883 vart ho innboden av Gösta Mittag-Leffler til å halde forelesningar ved Stockholms Högskola, der ho i 1889 vart professor. Ho arbeidde særleg med differensiallikningar, bruksmatematikk og mekaniske og optiske problem. Ho mottok fleire prisar for dei matematiske avhandlingane sine.

Som forfattar er ho mest kjend for to romanar: Søstrene Rajevskij og Vera Vorontsov, som delvis bygger på oppveksten hennar og skildrar livet i Russland. Dei vitskaplege verka hennar vart i 1948 gjeven ut av Det sovjetiske vitskapsakademiet. Kovalevskaja var òg aktiv i likestillingsarbeidet, særleg når det gjaldt å fremme utdanning for kvinner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]