Sonja Wigert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sonja Wigert
Sonjawigert.jpg
Fødd 11. november 1913, Notodden
Død 12. april 1980 (66 år), Spania

Sonja Wigert (fødd 11. november 1913 på Notodden, død 12. april 1980 i Spania) var ein norsk-svensk skodespelar. Ho var syster til Knut Wigert og vart gift med kaptein Niels Viggo Halfdan de Meza. Ho debuterte i 1934Det Norske Teatret. På 1930-talet spelte ho i fleire norske filmar før ho i 1939 reiste til Sverige. I Noreg kom gjennombrota hennar med Tancred Ibsen-filmen Fant (1937). I Sverige fekk ho gjennombrotet sitt i 1942 i Anders Henrikson-filmen Fallet Ingegerd Bremssen. I Sverige spelte ho i 22 filmar.

Ho samarbeidde med norsk motstandsrørsle frå 1941, og vart svensk spion i 1942 med dekknamnet «Bill». Ho vart sendt tilbake til Noreg for å freiste å innynde seg blant leiande tyske offiserar i august same år. Ho fekk relativt raskt innpass hos Josef Terboven, som var rikskommissær for dei besette norske områda. Ho tilbaud seg overfor han å gje han opplysningar frå Sverige, men i røyndomen var ho heile tida svensk dobbeltagent. Terboven kurtiserte henne kraftig, og blant dei tinga svenskane fekk ut av spelet var opplysningar som gjorde at dei klarte å avsløre toppsjefen til Gestapo i Sverige og ein sentral agent, høvesvis August Finke og baron von Gossler.

I 1942 byrja ho òg å arbeide for amerikanarane gjennom ein kontakt ved den amerikanske legasjonen i Stockholm. Frå 1944 gjorde ho tenester for OSS (Office of Strategic Services), som etter krigen skulle omgjerast til CIA.

Sonja Wigert rekrutterte òg Alfhild Hovdan som spion for svenskane. Det fann stad i juni 1943, og ho fekk som oppdrag å skaffe opplysningar av militær art frå Noreg.

Tyskarane forstod i løpet av hausten 1943 at Wigert ikkje var tyskvennleg, og dermed var det umogleg for henne å oppnå noko meir. Tyskarane sette ut løgnhistoriar om henne i svensk presse, noko som førde til at ho vart frose ut i svensk og seinare i norsk offentlegheit. Etter krigen freista fleire som kjende innsatsen hennar, å reinvaske og rehabilitere henne i Noreg, utan at det lukkast.

Alt i 1945 fortalde ho i eit intervju at ho hadde arbeidd som agent mot tyskarane. Detaljane ved etterretningsverksemda hennar vart ikkje til fullt ut avdekte før arkivet til det svensken tryggleikspolitiet Säpo vart frigjeve, over 25 år etter ho døydde. Sonja Wigert flytta ikkje tilbake til Noreg.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]