Soon Over Babaluma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Soon Over Babaluma
Studioalbum av Can
Utgjeve November 1974
Innspelt August 1974 ved Inner Space
Sjanger Krautrock
Lengd 38:56
Selskap United Artists, Spoon, Mute
Produsent Can
Can-kronologi
Future Days
(1973)
Soon Over Babaluma Landed
(1975)

Soon Over Babaluma er det sjette studioalbumet til den tyske rockegruppa Can. Dette var det første albumet til bandet utan solovokalist, etter at Damo Suzuki slutta i bandet i 1973 då han gifta seg med den tyske kjærasten sin. I staden er det gitaristen Michael Karoli og klaverspelaren Irmin Schmidt. Det er òg det siste albumet deira som vart skapt ved hjelp av ein tosporsopptakar.

Den ambiente stilen på det førre albumet Future Days vert her pressa enno lenger, som på «Quantum Physics». Albumet har òg nokre meir rytmiske spor, som «Chain Reaction» og «Dizzy Dizzy».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Robert Christgau B− [2]
Pitchfork Media (8.9/10) [3]


Soon Over Babaluma vart godt motteke. Den amerikanske musikkjournalisten Robert Christgau gav albumet ei positiv melding os skreiv «så langt überrock gjeld, så er dette underhaldande nok, og tikkar avgarde med forskjekllige måteleg fengslande sci-fi-lydar, somme av dei melodiar».[2] Den amerikanske musikaren Dominique Leone gav albumet 8,9 av 10 og i meldinga hans i 2005 for Pitchfork Media skreiv han at han var «heile tida overraska over kor klårt alt høyrtes ut, som om bandet spelte inn alt dette i løpet av ei einast lang inspirert innspeling. Noko av det store med Can var omtanken for detaljar og at dei forstod at kvar einaste vesle augneblink i løpet av ein song kan påverke drivkrafta til heile stykket. Det er ingen små mirakel her: sjølv om det er trist å tenke på at desse albuma representerer den siste store perioden til Can, høyrtes ingen av augneblinka deira betre ut».[3] I meldinga si for Allmusic, skreiv Ned Raggett at «Med Suzuki borte, delte Karoli og Schmidt no vokalen. Heldvis prøver ingen av dei å etterlikne Mooney eller Suzuki, og lagar heller sin eigen lågmeldte måte å gjere det på», og gav albumet fire av fem stjerner.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Can

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Dizzy Dizzy»   5:40
2. «Come Sta, La Luna»   5:42
3. «Splash»   7:45
Side to
# Tittel Lengd
1. «Chain Reaction»   11:09
2. «Quantum Physics»   8:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Raggett, Ned. "Can: Soon Over Babaluma > Review"Allmusic. Henta 7. mars 2013.
  2. 2,0 2,1 Christgau, Robert. «Can». RobertChristgau.com. http://robertchristgau.com/get_artist.php?name=can. Henta 7. mars 2013. 
  3. 3,0 3,1 Leone, Dominique (7. mars 2013). «Can: Soon Over Babaluma». Pitchfork Media. http://www.pitchforkmedia.com/reviews/albums/11699-future-days-soon-over-babaluma-unlimited-edition-landed/#review-album-1267. Henta 7. mars 2013.