Sophie Monk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sophie Monk
Sophie Monk 2011.jpg
Sophie Monk i april 2011
Verkeleg namn Sophie Charlene Akland Monk
Fødd 14. desember 1979 (33 år)
Gold Coast i Queensland i Australia
Sjanger Pop, dansepop
Aktive år 1999 til i dag
Yrke songar, låtskrivar, skodespelar
Plateselskap Warner Music (2000–04)
Nettside http://sophie-monk.net
http://sophiemonk.com.au

Sophie Charlene Akland Monk (fødd 14. desember 1979) er ein australsk popsongar og skodespelar. Ho var medlem av den kvinnelege popgruppa Bardot ei tid, og har sidan gjort solokarriere. Ho har òg spelt i filmar som Date Movie og Click.

Innhaldsliste

Biografi og karriere [endre]

Monk vart fødd i England, men flytta med familien til Gold Coast i Queensland i Australia. Den profesjonelle karrieren hennar innanfor musikk byrja i 1999 då ho svara på ein annonse der det vart søkt etter jenter med røynsle frå song og dans. Dette var rekruttering til den australske serien Popstars, eit program med mål å skape ei ny vellukka jentegruppe. Monk vart valt ut som medlem av gruppa, som fekk namnet Bardot. Kort tid etter at medlemmane i Bardot skilde lag, byrja Monk å arbeide for solokarrieren sin. I oktober 2002 gav ho ut sin fyrste solo-singel, Inside Outside, og i mai 2003 sitt fyrste solo album, Calendar Girl.

Sophie Monk har sidan etablert seg i Hollywood, sjølv om dei fleste av rollane hennar har vore forholdsvis små. I februar 2006 spelte ho den første rolla si i ein spelefilm, som ei flørtande og forførande jente i komedien Date Movie. I juni 2006 var ho aktuell med filmen Click, ei forteljing om ein universell fjernkontroll. Monk spelte ei lita rolle i denne filmen som Stacey, ein sekretær som er ein flørtande bimbo.

Sophie Monk i ein reklame for PETA

Diskografi [endre]

Album [endre]

  • Calendar Girl (2003)

Singlar [endre]

  • Inside Outside (2002)
  • Get the Music On (2003)
  • One Breath Away (2003)

Filmografi [endre]

  • The Mystery of Natalie Wood (2004) ... Marilyn Monroe
  • London (2005) ... Lauren
  • Date Movie (2006) ... Andy
  • Click (2006) ... Stacey
  • Sex and Death 101 (2007) ... Cynthia Rose
  • Spring Breakdown (2009) ... Mason
  • The Hills Run Red (2009) ... Alexa
  • Spring Break '83 (2010) ... Brittany
  • Murder World (2010) ... Brooke
  • Hard Breakers (2010) ... Lindsay Greene
  • The Legend of Awesomest Maximus (2010) ... Princess Ellen

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]