Sophus Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Sophus Lie, 1896
Sophus Lie

Marius Sophus Lie (17. desember 184218. februar 1899) var ein norsk matematikar fødd på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane fylke. Lie og Niels Henrik Abel vert rekna som dei to fremste norske matematikarane1800-talet.

Lie grunnla på eiga hand ei ny matematisk disiplin, transformasjonsgruppeteorien. Denne disiplinen går i dag under namnet «teorien for Lie-grupper», og er i dag eit viktig reiskap for moderne fysikk. Lies algebra vert brukt til å klassifisere elementærpartiklar, og i tillegg utgjer den ei viktig rolle innanfor kvantemekanikken.

Lie naut stor respekt ute i Europa. I 1886 vart han utnemnd til professor ved matematisk institutt i Leipzig, og han arbeidde også i Berlin, Paris og i Göttingen. I sitt siste leveår vart han professor ved Universitetet i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]