Sophus Tromholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av to samiske jenter frå Kautokeino, Anna Aslaksdatter Gaup og Anna Jonsdatter Somby 1882/ 1883. Fotograf Sophus Tromholt.

Sophus Tromholt (fødd 2. juni 1851 i Husum i Slesvig, død 17. april 1896 i Blankenhain i Thüringen) var ein dansk-norsk nordlysforskar[1] [2] og dyktig amatørfotograf, og vert rekna som ein av pionerane i norsk etnografisk fotografi. Tromholt var lærar av utdanning, og kom til Bergen i 1875 der han underviste ved Tanks skole. Den store interessa hans var nordlysundersøkingar og som norsk statsstipendiat oppheldt han seg i Kautokeino i Finnmark for å studere nordlys i 18821883.

Tromholt var ein dyktig fotograf som på reisa si tok mange bilete av landskap, folkeliv og samar, og publiserte ved tilbakekomsten til Bergen ein fotografisk portfolie under tittelen «Billeder fra Lappernes Land» (Bergen 1885). Han publiserte i 1885 òg ei reisebok på norsk og engelsk frå tida si i Kautokeino: «Under Nordlysets straaler» (København 1885)[3] og «Under the Rays of the Aurora Borealis» (Boston 1885). Fotografia finst i dag på Billedsamlingen - Universitetsbiblioteket i Bergen.

Samlinga består av 231 glasnegativ og 189 originalkopiar og er ein del av Noregs dokumentarv og på UNESCO si liste over verdsminne.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tromholt, Sophus i Carl Frederik Bricka, Dansk biografisk Lexikon (1. udgave, 1903)
  2. Moss, K. and Stauning, P. (2012): Sophus Peter Tromholt: an outstanding pioneer in auroral research, Hist. Geo Space. Sci., 3, 53-72, 2012; http://www.hist-geo-space-sci.net/3/53/2012/; doi:10.5194/hgss-3-53-2012
  3. Bibsys - Sophus Tromholt: Under Nordlysets Straaler : Skildringer fra Lappernes Land, versjon 2007. ISBN 978-82-7367-011-3.
  4. Sophus Tromholts arkiv - Finnmark og Kautokeino 1882–1883. Norsk kulturråd. Vitja 29. november 2014.
  5. Memory of the World: Norway (engelsk). UNESCO. Vitja 29. november 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sophus Tromholt