Sopwith Camel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sopwith Camel var eit britisk jagarfly frå den fyrste verdskrigen og vart produsert av Sopwith Aviation Company. Flyet vart teken i teneste sommaren 1917 og 5490 eksemplar vart produsert. Det var væpna med to stk. .303 (7,7 mm) Vickers maskingeværer som skaut synkronisert med propellen.

Camel vert rekna for å vera eit av dei beste jagarflya frå den første verdskrigen, men hadde og nokre uheldige eigenskapar. Blant anna. viste det seg å vera vanskeleg for uerfarne pilotar å handtera flyet. Dette var mykje på grunn av at det var laga ustabilt, noko som gav ein føremonn i luftkamp, ettersom flyet dermed kunne skifte retning og rolle mykje snøggare. Desse eigenskapane gjorde den til ein glimrande «dogfighter», men under normal flyging måtte piloten heile tida kompensere for ustabiliteten. Mange fly gjekk tapt på grunn av dette, spesielt under landing.

Eit anna interessant særtrekk var det korte skroget som gjorde lengdestabiliteten ekstra påverkeleg av sentrifugalkreftene frå den roterande radialmotoren. Dette medførte at mange pilotar, når dei skulle svinge 90 grader mot venstre, istaden heller tok ein 270 grader sving mot høgre, ettersom dette gjekk raskare.

Den berømte tyske «Raude Baron», Baron Manfred von Richthofen, vart skoten ned og drepen over Somme i Frankrike den 21. april 1918, av den kanadiske kapteinen A.R. Brown som flaug ein Sopwith Camel.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sopwith Camel