Sora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sora
elv
Capuchinbrua over Sora i Skofja Loka
Land  Slovenia
Lengd 51 km
Middelvassføring 25 /s
Kjelde Selščica, Poljanščica
Munning Sava
Kart
Sora
46°7′0″ N 14°25′0″ E
Wikimedia Commons: Sora (river)

Sora er ei elv i Slovenia. Ho er 51 km lang og renn nordaust i landet. Elva spring ut i Škofja Loka-fjella. Ho er danna av kjeldeelvene Poljanska Sora eller Poljanščica, som renn gjennom dalen Poljanska dolina, og Selška Sora eller Selščica frå dalen Selška dolina. Sora munnar ut i Sava ved Medvodah. Middelvassføringa hennar ved munningen er 25 m³/s. Elva har store variasjonar i vassføring, og fløymer ofte over. Den største vassføringa ved munningen, som blei målt i 1990, var 690 m³/s.

Poljanska Sora er 43 km lang medan Selška Sora er 32 km.[1] Dei renn saman i Škofja Loka og renn saman som Sora i 9,2 km til Medvode, der elva renn ut i Sava. Tek ein med Poljanska Sora, den lengste av kjeldeelvene, er Sora 52 km lang.[1] Dette gjer henne til den 15. lengste elva i Slovenia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Reke, dolge nad 25 km, in njihova padavinska območja» [Rivers longer than 25 km and their catchment areas] (på Slovene og English). Statistical Office of the Republic of Slovenia. 2002. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sora
Spire Denne geografiartikkelen som har med Slovenia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.