Sortland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sortland
Suortá
by
Sortland sentrum sett frå lufta.
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Sortland
Areal 3,57 km²
Folketal 5 609  (2023)
Folketettleik 1 571 / km²
Innbyggjarnamn sortlending
Preposisjon Sortland
Kart
Sortland
68°41′45″ N 15°24′47″ E
Wikimedia Commons: Sortland (town)

Sortland (nordsamisk: Suortá) er ein by og administrasjonssenteret i Sortland kommune i Nordland med 5 609 innbyggjarar per 1. januar 2023. Byen ligg ved Sortlandssundet lengst aust på Langøya, ved Sortlandsbrua over til Hinnøya. Tettstaden strekker seg frå Gambukta i nord til og med bustadfeltet Nord-Steiro i sør. Byen er det viktigaste handels- og servicesenter i Vesterålen. Sortland tettstad har frå 1997 bystatus etter kommunalt vedtak.

Sortland er kalla «den blå byen ved sundet», eit resultat av hovudprosjektet til Sortland kommune i samband med tusenårsmarkeringa i 2000.

I byen kjem dagsavisa Bladet Vesterålen, dekker dei fem kommunane i Vesterålen, Lødingen og Kvæfjord i Troms, og lokalavisa SortlandsAvisa ut. er blir òg nettavisa VOL Vesterålen Online redigert, som er ei felles regional nettavis for lokalavisene i Vesterålen, Lødingen og Kvæfjord (SortlandsAvisa, Andøyposten og Bladet Vesterålen).

På Sortland ligg Sortland vidaregåande skole. Her opna 2014 eit større kulturhus, «Kulturfabrikken», med blant anna bibliotek, kino, konferansesenter og Sortland Museum, avdeling av Museum Nord.

Sortland har fast hurtigruteanløp.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]