Sosial reform

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sosial reform viser til ønsket om å endra eit samfunn gjennom reformer, til forskjell frå revolusjonerande omveltingar, eller eit konservativt ønske om å verna om samfunnet slik det er. Tenkjarar, folkerørsler og politiske parti er døme på grupper som kan arbeida for sosial reform.

Éin type reform kan ha som føremål å betra tilhøva for vanskelegstilte grupper, til dømes fattige, kvinner og minoritetar.

Ein annan type, kjend som strukturreform, går inn for å endra makttilhøva eller andre trekk ved korleis samfunnet verker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]