Sosialdepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sosialdepartementet er eit tidlegare norsk departement. Det vart oppretta 3. juni 1913 med Johan Castberg som initiativtakar og den første statsråden i departementet, i Gunnar Knudsen si andre regjering.

Frå 4. september 1992 vart namnet Sosial- og helsedepartementet, og departementet fekk frå same dato to statsrådar, Grete Knudsen med ansvar for sosialsakene og Werner Christie for helsesakene.

Sosial- og helsedepartementet vart delt i to frå 1. januar 2002. Dei sosialpolitiske funksjonane vart lagt til Sosialdepartementet og dei helsepolitiske til Helsedepartementet. Etter nokre omrokeringar av oppgåver oppstod frå 1. oktober 2004 Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet med høvesvis Ansgar Gabrielsen og Dagfinn Høybråten som statsrådar.[1]

Frå 1. januar 2006 vart departementa omorganiserte til Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Frå 1. januar 2010 blir inkluderingssakene overført til Barne- og likestillingsdepartementet og namnet på Arbeids- og inkluderingsdepartementet blir Arbeidsdepartementet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]