Sosiale roller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sosiale roller er summen av dei normene som knyter seg til den oppgåva eller stillinga du har i eit bestemt sosialt system eller i ei sosial gruppe. Normalt sett spelar du fleire ulike roller på ein dag. Det kan vere som familiemedlem, skuleelev, medlem i vennegjengen, mobiltelefonbrukar, busspassasjer, butikktilsett eller kinogjengar, utan at det vanlegvis byr på særlege problem.

Av og til kan det oppstå rollekonfliktar. Vi skil mellom to hovudtypar av slike konfliktar:

• Normene for rolla er uklare eller motstridande; når ein skal gå inn i ei rolle ein ikkje er skikkeleg kjend med, og er usikker på normene for rolla. For eksempel når ein har fått ein ny jobb og ikkje har fått opplæring i kundebehandling, da blir du usikker på korleis ein skal oppføre seg.

• Det er konflikt mellom to roller; når det kjem ein situasjon der du må velje kva rolle du skal ver i. For eksempel når ein elev har foreldre som jobbar på skulen, og vil kalle dei mamma eller pappa. Da må eleven velje om han skal spele rolla som elev, eller familiemedlem.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]