Sosialisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For overtaking av private føretak og økonomiske verksemder av samfunnet, sjå nasjonalisering.

Sosialisering er i sosiologien den prosessen der eit individ vert tilpassa og veks inn i samfunnet. Ho føregår i hovudsak gjennom oppseding i oppveksten, men held fram gjennom heile livet, t.d. på skulen og i jobbsamanheng. Ein lærer seg normer, verdiar, kunnskapar og dugleikar som er naudsynte for å vere med i fellesskapen, og for at fellesskapen skal halde fram.

Den fyrste og grunnleggjande sosialiseringa, som vert kalla primærsosialiseringa, får ein oftast i familien frå ein er heilt liten. Han er den fyrste referansegruppa ein møter, og kontakten med andre menneske føregår på eit personleg nivå, ansikt til ansikt. Seinare i livet kjem sekundærsosialiseringa. Til skilnad frå primærsosialiseringa, går denne meir på spesifikke dugleikar og korleis ein brukar dei normene og verdiane ein har lært på ulike stader i samfunnet, som skule og arbeidsliv. Sekundærsosialiseringa er oftast ei meir formell og upersonleg form for sosialisering. I skulen føregår til dømes opplæringa på ein svært formell måte, og ho er mindre personleg enn opplæringa i familien.

Media har også vorte ei viktigare og viktigare referansegruppe som gjeld gjennom heile livet. Påverknaden kjem både gjennom nyhende og reklame, og han gjer endringar i alt frå motar til normer. Andre viktige referansegrupper og sosialiseringsaktørar i oppveksten er m.a. barnehage og vener.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]