Sosiolingvistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sosiolingvistikk er eit fagfelt som tek for seg verknaden ulike samfunnsaspekt har på språkbruk, og over verknaden språkbruken har på samfunnet. Samfunnsaspekt som sosiolingvistikken tek for seg, kan til dømes vera kulturelle normer, forventingar og samanhengar. Studiar av språkbruken sin verknad på samfunnet vert ogso kalla for språksosiologi[1]. Sosiolingvistikken har mykje til felles med pragmatikk og er historisk sett knytt til språkantropologi, i den grad at det har vorte stilt spørsmål ved sjølve skilnaden mellom desse to vitskaplege felta[2].

Kjernekonseptet til sosiolingvistikken er sosiolektar, det vil seie språkvarietetar som er brukt av ei viss samfunnsgruppe som kan verte fråskilde frå andre, takka vere slike kriterium som etnisk bakgrunn, religion, status, kjønn, utdanningsnivå, alder og så vidare. Sosiolingvistikken forskar på kor forskjellige sosiolektane er, kva for reglar som styrer dei og i kor stor grad ein kategoriserer individ etter sosiale eller sosioøkonomiske klasser etter om dei følgjer desse reglane[3]. Slik språkbruken varierer frå ein stad til ein annan, varierer han òg i ulike sosiale klasser, og det er dette sosiolingvistikken er mest oppteken av.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandøy, He.; Mæhlum, B.; Akselberg, G.; Røyneland, U.; Sandøy, Ha. (2008). Språkmøte: innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Akademisk. 
  2. Gumper, J.; Cook-Gumper, J. (2008). «Studying language, culture, and society: Sociolinguistics or linguistic anthropology?». Journal of Sociolinguistics 12 (4): 532-545. 
  3. Trudgill, P. (2000). Sociolinguistics: An Introduction to Language and Society. London: Penguin Books.