Sossen Krohg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sossen Krohg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. desember 1923
Christiania
Død

12. februar 2016 (92 år)

Yrke skodespelforfattar, teaterskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, manusforfattar, skribent, stemmeskodespelar
Språk norsk
Ektefelle Thorleif Schjelderup, Guy Krohg

Sossen Finne Anker Krohg (18. desember 192312. februar 2016) [1]var ein norsk skodespelar som har arbeidd på teater, film og fjernsyn. Ho er best kjend for folk flest som Astrid Anker-Hansen i dramaserien Hotel Cæsar på TV 2, ei rolle ho spelte samanhengande frå 1998 til april 2010.

Sossen Krohg vart fødd i Oslo. Ho tok eksamen ved teaterskulen på Det Norske Teater i 1946 og vart tilsett med ein gong. Derfrå gjekk det vidare til Folketeateret, der ho var tilsett fram til 1960. I 1966 var ho med på å starte opp den kjende Club 7 i Oslo, og var tilsett der ved Scene 7 fram til 1985. Sossen Krohg har budd og arbeidd i Paris i fleire periodar av livet sitt, og franske viser har vorte ein av spesialitetane hennar.

Krohg var gift med Thorleif Schjelderup mellom 1940 og 1944, og dei fekk to barn saman. Seinare gifta ho seg med kunstnaren Guy Krohg, son av målaren Per Krohg og barnebarn av målaren Christian Krohg.

I 2010 fekk ho Gullrutens heiderspris saman med mangeårig Cæsar-kollega Anette Hoff.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]