Sotíris Kyrjákos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Σωτήρης Κυργιάκος
Sotíris Kyrjákos
PA110072Kirgiakos.jpg
Personleg informasjon
Namn Sotíris Kyrjákos
(gresk: Σωτήρης Κυργιάκος)
Fødselsdato 23. juli 1979
Fødestad Tríkala i Hellas
Høgd 193 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Spelar for Wolfsburg
Draktnummer 16
Ungdomsklubb
1996-98 Hellas Panathinaikós
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1998-2004
1999-2001
2005-06
2006-08
2008-09
2009-11
2011-
Hellas Panathinaikós
Hellas Ájos Nikólaos (lån)
Skottland Rangers
Tyskland Eintracht Frankfurt
Hellas AEK
Flag of England.svg Liverpool
Tyskland Wolfsburg
60 (5)
56 (3)
43 (1)
51 (8)
19 (0)
49 (3)
1 (0)
Landslag**
2002- Hellas Hellas 61 (4)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 31. august 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 31. august 2011.

Sotíris Kyrjákos (fødd 23. juli 1979 i Tríkala i Thessalía) er ein gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han spelar i forsvar for Wolfsburg i tysk Bundesliga. Han var med på å vinna den greske ligaen og cupen med Panathinaikós i 2004 og den skotske ligaen med Rangers i 2005. 21. august 2009 vart det kunngjort at han hadde skrive under ein toårskontrakt for Liverpool, og vart dermed Liverpool sin første greske spelar.

Kyrjákos debuterte for det greske A-landslaget 13. februar 2002 i ein kamp mot Sverige. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Noreg 13. februar 2003. Han gjekk glipp av fotball-EM i 2004 grunna ein kneskade, men var med i fotball-EM i 2008.