Sothøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sothøne


Fulica atra
Fulica atra

Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Fulica
Vitskapleg namn
Fulica atra

Sothøne (Fulica atra) er ein fugl i Riksefamilien. Han held helst til i grunne vassområde med takrøyr, siv og flytande planter. Føda er mest plantekost. Han et og insekt og sniglar.

Sothøna er utbreidd frå Sentral- og Aust-Europa og Nord-Afrika til Sibir og Australia. I Noreg er ho vanlegast ved Oslofjorden, på Jæren og i Trøndelag. Ein reknar at det hekkar 500-2000 par.

Sothøna er delvis trekkfugl. Ho dreg truleg til Dei britiske øyane og Mellom-Europa. Ein del fuglar overvintrar langs den sørlege del av norskekysten.

Sothøna er svart. Nebb og panne er kvit. Beina er grønaktige. Dei har symjelappar. Ungfuglane har lysare strupe og fremre del av brystet. Dunkyllingane har oransjeraudt hovud.

Dununge.

Sothøna byggjer reir i tett vegetasjon. Reira er ofte store og flytande. Hofuglen legg 6 - 10 grågule egg med mørke prikkar. Båe fuglane rugar. Ungane forlet reiret etter 3 - 4 dagar, og kan flyge 7 - 8 veker gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sothøne