Sotrikse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sotrikse

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Mornington Peninsula, Victoria, AustraliaFoto: Flickr-brukar Frankzed
Bilete frå Mornington Peninsula, Victoria, Australia
Foto: Flickr-brukar Frankzed

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Porzana
Art: P. tabuensis
Vitskapleg namn
Porzana tabuensis

Sotrikse (Porzana tabuensis) er ein vassfugl i riksefamilien. Denne litle riksa lever frå Filippinane i nordvest gjennom Melanesia til Australia, New Zealand og andre øyar i sørvestre Polynesia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sotrikse er ei lita rikse, ca. 20 centimeter med kroppssvekt på ca. 45 gram. Fjørdrakta er mørk, undersida i mørk blygrått, med skjer av blått, oversida i sjokoladebrunt. Undergumpen har svartkvite tverrstriper. Auga er raude, beina har raudskjer, medan det korte nebbet er svart.

Utbreiingsområdet for sotriksa er vidt og inkluderer Filippinane lengst vest og Marquesasøyane i Fransk Polynesia lengst aust. I Australia er ho utbreidd i sørvestlege og i søraustlege delar av kontinentet, samt på nordaustre Tasmania.[1] Ho finst både på Nordøya på New Zealand, Sørøya og Stewart Island, samt på mange mindre nærliggjande øyar av New Zealand og på Chathamøyane.[2]

Habitata er våtmarker med sivliknande plantar eller anna vegetasjon av f.eks. dunkjevlefamilien og storrfamilien. Dei kan òg leve i vegetasjon av tre på øyar utan anna habitat. I Australia føretrekk dei våtland med vatn i rørsle og kan og leve i jordbruksområde eller i utkant av busettingar.[1]

Føda er både animalsk og vegetabilsk. Dei tar frø frå vassplantar og et av nedfallsfrukt. Dietten består dessutan av eit breitt utval av virvellause dyr, med meitemark, sniglar, insekt og insektlarver.

Sotriksepara vernar eit territorium heile året. Reira er laust vovne av plantematerialar. Ute i våtmark er reira plasserte 30-50 centimeter over vassflata, i tørrare habitat kan dei ligge på bakken under dekke av vegetasjon. Kullet er vanlegvis på 3-4, maksimum 5 egg. Begge kjønn rugar i til saman ca. 21 dagar og ungane forlèt reiret etter 2 dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Commonwealth Department of Water, Heritage and the Arts’ online Australian Faunal Directory (DEWHA 2010) Crakes and rails - conservation action statement. Henta 1. mai 2013
  2. Heather og Robertson, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sotrikse