Soul My Way

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soul My Way
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Språk engelsk
Utgjeve 1967
Innspelt May and August, 1967
Sjanger Rock, soul, country
Lengd 26:56
Selskap Smash
Produsent Jerry Kennedy
Jerry Lee Lewis-kronologi 
By Request: More of the Greatest Live Show on Earth

(1966)

Soul My Way Another Place, Another Time

(1968)


Soul My Way er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis. Det kom ut på Smash Records i 1967.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jerry Lee Lewis hadde signert ein avtale med Smash i 1963 og etter fire år såg det ikkje ut til at sjefane i Mercury visste kva dei skulle gjere med han. Sjølv om han hadde vore relativt populær i Europa, og ein strålande konsertartist, hadde han lite salssuksess. Mercury hadde prøvd eit album med nyinnspelignar frå Sun Records-tida (Golden Hits of Jerry Lee Lewis i 1964) og eit ccountryalbum (Country Songs for City Folks i 1965), men dei kom ikkje nærmare triumfen Lewis hadde hatt med Sam Phillips. Rock og pop hadde òg endra seg enormt i 1967, noko som gjorde det meir vanskeleg for Mercury å finne ut korleis dei skulle marknadsføre Lewis. Som Colin Escott skreiv i plateomslaget til Mercury-samlinga Killer Country i 1995: «Jerry sin idé om rock var nesten ti år utdatert» på slutten av 1960-åra.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I 1967 forlet produsenten Shelby Singleton Mercury for å danne sitt eige selskap, og Jerry Kennedy tok all kontroll over innspelingane til Lewis. Kenny produserte etter kvart comeback-singelen til Lewis, «Another Place, Another Time» ,året etter, som gav han ei rekkje countryhittar inn i 1970-åra. Biografiforfattaren Joe Bonomo skreiv i Jerry Lee Lewis: Lost and Found at i 1967 «klødde Kennedy seg i hovudet og lurte på kva han skulle gjere. Det einaste albumet til Jerry Lee i 1967, det rare Soul My Way, var ei suppe av gamle og nye songar som Kennedy prøvde å samle saman med forskjellig showtriks.» Albumet er kjend for ein versjon av Bobby «Blue» Bland sin «Turn On Your Love Light» og versjonen av Mickey Newbury sin psykedeliske «Just Dropped In (To See What Condition My Condition Was In)», der Lewis spelar cembalo. Tre songar, «Wedding Bells», den originale songen «He Took It Like a Man» og «Betcha Gonna Like It» vart spelt inn under innspelingar datert attende til 1963 og 1964.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Soul My Way kom ut 1. november 1967 og selde dårleg.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Turn on Your Love Light»
2:33
2.«It's a Hang Up, Baby»Eddie Reeves2:17
3.«Dream Baby (How Long Must I Dream)»Cindy Walker2:28
4.«Just Dropped In»Mickey Newbury2:27
5.«Wedding Bells»Claude Boone2:33
6.«He Took It Like a Man»Jerry Lee Lewis1:53
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Hey! Baby»
2:11
8.«Treat Her Right»Roy Head2:01
9.«Holdin' On»
  • Majorie Barton
  • Bobby Dyson
3:06
10.«Shotgun Man»Cecil Harrelson2:45
11.«I Betcha Gonna Like It»
  • Buddy Killen
  • Robert Riley
2:42

Kjelder[endre | endre wikiteksten]