Sound and Vision
| Sound and Vision Singel av David Bowie frå albumet Low |
||
| B-side | «A New Career in a New Town» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 11. februar 1977 | |
| Innspelt | Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike, september 1976 | |
| Sjanger | Kunstrock, elektronisk | |
| Lengd | 3:00 | |
| Selskap | RCA PB 0905 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | David Bowie, Tony Visconti | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Stay» (1976) |
Sound and Vision | «Be My Wife» (1977) |
«Sound and Vision» er ein song og singel av David Bowie frå albumet Low i 1977.
Songen er kjend for å blande den positive gitaren og det synthesizer-leia instrumentalsporet med den tilbaketrekte teksten til Bowie.
I tråd med den minimalistiske tilnærmingsmåten på Low, spelte Visconti og Bowie opphavleg inn songen som ein instrumental, utan om korvokal (av kona til Visconti, Mary Hopkin). Bowie spelte så inn vokalen etter at resten av bandet hadde forlete studio, før han trimma versa av teksten, og etterlet ein heller lang instrumental introduksjon i den endelege songen.
Han vart valt ut som den første singelen frå albumet og nytta av BBC i forfilmar på denne tida. Dette gav songen mykje merksemd, som trongst sidan Bowie ikkje gjorde noko for å promotere singelen sjølv. Dette førte til at songen klatra til 3. plass på singellista. I USA gjorde singelen det dårlegare. På denne tida i Amerika såg det generelle platekjøpande publikummet Bowie som ein discoartist, og songen var for langt unna dei tidlegare singlane han hadde gjeve ut der, så singelen nådde ikkje høgare enn 69. plass.
Songen vart lenge berre spelt ein gong på konsert, i Earl’s Court den 1. juli 1978. I 1990 vart han spelt fast under Sound and Vision-turneen, i tillegg til at han gav namn til turneen. Han gav òg namn til ein samleboks som kom ut i 1989.
I 1991 gav 808 State ut ein EP med remiksar av «Sound and Vision» i Amerika, tilskriven David Bowie vs. 808 State.
I 2008 gav Sea and Cake ut songen på albumet One Bedroom. Denne vart nytta i ein reklame for Rhapsody.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
- Originalsingel
- «Sound and Vision» (Bowie) – 3:00
- «A New Career in a New Town» (Bowie) – 2:50
- David Bowie vs 808 State (1991)
- «Sound + Vision (808 Gift mix)» - 3:58
- «Sound + Vision (808 'lectric Blue remix instrumental)» - 4:08
- «Sound + Vision (David Richards remix 1991)» - 4:40
- «Sound + Vision (Original version)» - 3:03
Medverkande [endre]
Konsertversjonar [endre]
- Eit konsertopptak frå Earl’s Court, London den 1. juli 1978, vart gjeven ut på RarestOneBowie.
Andre utgjevingar [endre]
- Han finst på samleplatene:
- Best of Bowie (1980)
- Changestwobowie (1981)
- Sound and Vision box set (1989)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- The Best of 1974/1979 (1998)
- Best of Bowie (2002)
- Han vart gjeven ut som ei biletplate i RCA Life Time og Fashions Picture Disc Set.
- Ein nymiksa versjon vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Low i 1991. Dette er den same miksen som «David Richards remix 1991» på singelen til David Bowie vs. 808 State.
Andre versjonar [endre]
- Bad Soup - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie
- Book of Love - Lovebubble (1993)
- The Good, the Bad and the Bassline - Singel
- Quasi - Crash Course for the Ravers - A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
- The Sea and Cake - One Bedroom (2003)
- Red Hot Chili Peppers - Konsertar
- Press - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
- Franz Ferdinand med Girls Aloud - Radio 1. Established 1967 (2007)
- Matthew Dear på Life Beyond Mars: Bowie Covered.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sound and Vision» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- BowieNet, http://www.davidbowie.com/news/index.php?id=20100326