Soundtracks av Can

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Soundtracks
Filmmusikkalbum av Can
Utgjeve September 1970
Innspelt November 1969 – august 1970 ved Schloss Nörvenich i Tyskland
Sjanger Krautrock
Eksperimentell rock
Progressiv rock
Psykedelisk rock
Lengd 35:09
Selskap Liberty, United Artists
Produsent Can
Can-kronologi
Monster Movie
(1969)
Soundtracks Tago Mago
(1971)
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Pitchfork Media (7.6/10.0) [2]
Stylus Magazine (B) [3]

Soundtracks er eit filmmusikkalbum av krautrock-gruppa Can. Det vart først gjeve ut i 1970 og består av musikk skriven for forskjellige filmar. Albumet er det siste med vokalisten Malcolm Mooney, som syng på to songar, før han vart erstatta av Damo Suzuki. Stilmessig er albumet ein overgang frå psykedeliainspirerte jam'ar frå dei første innspelingane deira (som på Monster Movie og Delay 1968) til meir mediterande, elektroniske og eksperimentelle stykke på studioalbuma som følgde (som Tago Mago og Ege Bamyasi).

På baksida av plateomslaget står det skrive: «CAN SOUNDTRACKS er det andre albumet til THE CAN men ikkje album nummer to [...] Album nummer to [Tago Mago] vil kome i byrjinga av 1971.»[4]

«She Brings the Rain» vart opphavleg nytta i filmen Bottom – Ein großer, graublauer Vogel frå 1969 av Thomas Schamoni (bror til regissørane Ulrich Schamoni og Peter Schamoni), og vart seinare nytta i Wim Wenders-filmen Lisbon Story frå 1994, Oskar Roehler-filmen Die Unberührbare i 2004 og Tran Anh Hung-filmen Norwegian Wood frå 2010.

«Don't Turn the Light On, Leave Me Alone» var den første songen som Damo Suzuki spelte inn med Can.[5]

I mars 2005 plasserte magasinet Q songen «Mother Sky» på 48. plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1
# Tittel Lengd
1. «Deadlock» (frå filmen Deadlock, 1970, reg. Roland Klick) 3:27
2. «Tango Whiskyman» (frå filmen Deadlock, 1970, reg. Roland Klick) 4:04
3. «Deadlock (Titelmusik)» (frå filmen Deadlock, 1970, reg. Roland Klick) 1:40
4. «Don't Turn the Light On, Leave Me Alone» (frå filmen Cream) 3:42
5. «Soul Desert» (frå filmen Mädchen... nur mit Gewalt, 1970, reg. Roger Fritz. Cited on album sleeve as «Mädchen mit Gewalt") 3:48
Side 2
# Tittel Lengd
1. «Mother Sky» (frå filmen Deep End, 1971, reg. Jerzy Skolimowski) 14:31
2. «She Brings the Rain» (frå filmen Bottom – Ein großer graublauer Vogel, 1969, reg. Thomas Schamoni) 4:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ankeny, Jason. "Can: Soundtracks > Review»Allmusic. Henta 8. mars 2013.
  2. Leone, Dominique (11 November 2004). «Can: Soundtracks». Pitchfork Media. http://www.pitchforkmedia.com/reviews/albums/11698-monster-moviesoundtrackstago-magoege-bamyasi/#review-album-1263. Henta 8. mars 2013. 
  3. Southall, Nick (7 January 2005). «Can: Monster Movie / Soundtracks». Stylus Magazine. http://www.stylusmagazine.com/reviews/can/monster-movie-soundtracks.htm. Henta 8. mars 2013. 
  4. (1970) Plateomslagstekst for Soundtracks avCan [back cover]. Tyskland: Liberty (LBS 83 437 I).
  5. Czukay, Holger. «A Short History of the Can – Discography». Perfect Sound Forever. furious.com. http://www.furious.com/PERFECT/hysterie2.html. Henta 8. mars 2013. "'Don't Turn the Light on, Leave Me Alone' was Damo's first recording with CAN ever." 
  6. «100 Greatest Guitar Tracks Ever!». Q (London: EMAP Metro) (#224). March 2005. ISSN 0955-4955.