South Downs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pen Hill i South Downs.
The Seven Sisters, dei sju systrene, nær Eastbourne, sett frå Seaford Head.

South Downs er eit åsområde med kalkgrunn i det sørlege England. Det går parallelt med North Downs, og dei to områda danna ein gong ein kuppelforma kalkklippe saman. Dei er no skilde frå kvarandre av Weald, eit område der kalksteinsgrunnen er sliten ned av erosjon. South Downs og delar av Weald inngår i South Downs National Park, som vart skipa i 2011.[1]

Området strekkjer seg omkring 100 km gjennom East Sussex, West Sussex og Hampshire. Turevegen South Downs Way går langs området. Dei mest kjende klippene er Beachy Head ved Eastbourne og Seven Sisters mellom Eastbourne og Seaford. Det høgaste punktet er Butser Hill, som når 270 moh. og er ein av England sine «marilyn-toppar».

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: South Downs

Koordinatar: 50°55′N 0°30′W

  1. «Why are we a National Park?», southdowns.gov.uk