South Rona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
South Rona
Lokalt namn: Rònaigh 
Geografi
South Rona is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°32′4″ N 5°58′43″ WKoordinatar: 57°32′4″ N 5°58′43″ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 9,30 km²
Høgaste punkt Meall Acairseid (125 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Største busetnad Acairseid Mhòr
Demografi
Folketal 2 (2001)
Folketettleik 0,2 /km²

Rona (skotsk-gælisk Rònaigh), stundom kalla South Rona for å skilje ho frå North Rona, er ei lita øy i Indre Hebridane i Skottland, nord for Raasay og nordaust for Skye. Ho har eit areal på 9,30 km².

Frambrot av gneis på Rona

Rona er ei forlenging nordover av ryggen på Raasay og berggrunnen består av gneis.[1]. På vestsida av øya ligg ein verna, vakker naturleg ankringsplass, Acairsaid Mòr, som ligg i ly for Eilean Garbh. Andre øyar rundt Rona er Cow Rock, Eilean Seamraig, Garbh Eilean, Sgeirean Buidhe Borlum og Sgeir Shuas. Eilean Tigh ligg om lag 1 km over sunda mot Caol Rona.

Austsida har mange viker og bukter, og dei største heiter An Dubh Chamas, Acairseid Mhòr, Acairseid Tioram. På vestsida ligg vika Loch a' Bhràige. Det er fleire mindre viker i nordvest, som Port an Fhearainn, Ob nam Feusgan, Port na Bà Brice og Ob an Deallaire.[2][3] Det høgaste punktet på øya er Meall Acairseid med ei høgd på 125 meter over havet. Andre åsar er Sgàth a' Bhannaich og Beinn na h-Iolaire, som ligg lenger nord med høgder på over 100 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over Skye som viser Rona

Ein meiner at namnet Rona kjem frå norrønt, Hraun-ey som tyder «ru øy».[4] Det gæliske namnet Rònaigh har ei liknande tyding.[5]

Det ligg nokre ruinar av eit gammalt kapell frå 1300-talet på sørsida av øya ved An Teampuill. Strukturen var truleg ei munkecelle og er omgjeve av ein mur, der ein finn den einaste gravsteinen på øya.[6] På 1500-talet vart Rona tilfluktsstad for sjørøvarar som hadde base ved at Acarsaid Mòr, då kalla Port nan Robaireann - «røvarhamna». Murray (1973) meiner at dei berre gjekk til åtak på utanlandske fartøy, fordi dei ser ut til å ha vore i fred for dei lokale klanhøvdingane.[7]

På 1800-talet gjekk folketalet på Rona opp og ned, og i 1881 budde det 180 menneske her. Mange av desse kom her under Highland clearances frå meir frodige landområde som Raasay. I 1921 reiste ei gruppe menn frå Rona til Raasay og prøvde å ta attende landet forfedrane deira ein gong hadde eigd. Desse såkalla 'Rona Raiders' vart arresterte, men støtta dei fekk frå ålmenta var så stor at dei til slutt vart sleppte fri og fekk bli verande på Raasay. Dette førte i 1922 til at dei britiske styresmaktene kjøpte både Rona og Raasay frå dei private landeigarane, og etter dette fall folketalet på Rona kraftig, då mange reiste attende til Raasay. I 1943 var det ingen innbyggjarar att, bortsett frå to fyrvaktarar som levde på nordsida av øya til fyret vart automatisert i 1975. Den gamle landsbyen Acarsaid Thioram finst framleis og vert i dag restaurert til feriehus.

Rona har i dag ein permanent innbyggjarar, som styrer øya og gjestgjevariet her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murray (1973) s. 44
  2. "Get-a-Map". Ordnance Survey
  3. MacLeod (2002) s. 263-65
  4. Watson (1994) s. 309
  5. Iain Mac an Tàilleir. «Placenames» (PDF). Pàrlamaid na h-Alba. http://www.scottish.parliament.uk/vli/language/gaelic/pdfs/placenamesP-Z.pdf. Henta 21. februar 2010. 
  6. "Isle of Rona History" isleofrona.com.
  7. Murray (1973) s. 200