South Ronaldsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
South Ronaldsay
Geografi
South Ronaldsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°47′ N 2°57′ WKoordinatar: 58°47′ N 2°57′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 49,80 km²
Høgaste punkt Ward Hill (118 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad St Margaret's Hope
Demografi
Folketal 854 (2001)
Folketettleik 17,1 /km²

South Ronaldsay er ei øy i Orknøyane utanfor nordkysten av Skottland. Ho er landfast til Orkney Mainland via Churchill Barriers, som går via Burray, Glimps Holm og Lamb Holm. Det går òg ferje frå Burwick på øya til John o' Groats på det skotske fastlandet og frå St Margaret's Hope til Gills Bay.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Med eit areal på 49,8 km² er ho den fjerde største av Orknøyane etter The Mainland, Hoy og Sanday.[2]

Den største landsbyen på South Ronaldsay er St Margaret's Hope, den tredje største busetnaden på Orknøyane. Han er kalla opp etter Margrete av Skottland, arvingen til den skotske trona som døydde då ho var sju år gammal på Orknøyane.[3] eller kanskje St. Margaret av Skottland. Landsbyen har eit lite smedmuseum og er kjend for den årlege Boys' Ploughing Match. Under denne konkurransen speler unge jenter kledd i mørke jakker hestar og unge gutar brukar små plogar til å konkurrere mot kvarandre i å ploge furer i sanden.[1]

Det høgaste punktet på øya er Ward Hill på 118 meter over havet. Dette namnet vert ofte nytta om dei høgaste punkta på dei forskjellige Orknøyane og kjem av at dei vart nytta som vardar i eldre tider.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Innsida av Tomb of the Eagles

Øya er kjend for gravkammeret frå yngre steinalder, populært kalla Tomb of the Eagles (ørnegrava). Ho vart oppdaga av Ronald Simison i 1958 søraust på øya. Det vart funne 16 000 menneskebein og 725 fuglebein på staden, hovudsakleg frå havørner. Grava vart nytta kontinuerleg i over 1000 år.[5][6]

Det finst eit rundhus ved Howe of Hoxa nordvest på øya som kan ha vore gravplassen til Torfinn Turf-Einarsson jarl.[1]

I 1627 vart det registrert ni kapell på øya.[7] På 1800-talet nøyt økonomien på øya godt av sildeindustrien.[8] og St Margaret's Hope vart handelssenteret i South Isles. I 1890 var det 20 butikkar og 18 handelsmenn her.[3]

Sørover over Wind Wick på South Ronaldsay.

I 1991 vart øya råka av skandale med falske anklagar om barnemisbruk og sataniske ritual. Ni born vart tekne frå familiane sine av politi og sosialarbeidarar, men saka vart stoppa i retten då ein fann ut at sosialarbeidarane hadde nytta uortodokse avhøyrsteknikkar for å tvinge tilståingar ut av borna, som alle nekta misbruk.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Wenham, Sheena «The South Isles» i Omand (2003) s. 212.
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  3. 3,0 3,1 Wenham, Sheena «The South Isles» i Omand (2003) s. 211.
  4. "Orkney Placenames - natural elements" Orkneyjar.
  5. Hedges, J. 1990. Tomb of the Eagles: Death and Life in a Stone Age Tribe. New Amsterdam Books. ISBN 0-941533-05-0
  6. "Isbister (Tomb of the Eagles) Chambered Cairn" Stonepages.com.
  7. "ORKNEY: O4. Paplay, South Ronaldsay" The Papar Project: RCAHMS. Henta 20. mars 2010.
  8. Wenham, Sheena «Modern Times» i Omand (2003) s. 103.
  9. «Orkney 'abuse' children go home». BBC On this Day (4. april 1991). 4. april 1991. http://news.bbc.co.uk/onthisday/hi/dates/stories/april/4/newsid_2521000/2521067.stm. Henta 20. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]