South Stack

Koordinatar: 53°18′24.5″N 4°41′55.5″W / 53.306806°N 4.698750°W / 53.306806; -4.698750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

53°18′24.5″N 4°41′55.5″W / 53.306806°N 4.698750°W / 53.306806; -4.698750

South Stack (walisisk Ynys Lawd) er ei øy like utanfor Holy Island på nordvestkysten av Anglesey. Ho er kjend for fyret som står her.

Fyr[endre | endre wikiteksten]

South Stack fyr med lyset på
South Stack fyr i solnedgang

Fyret vart bygt i 1809 og er 28 meter høgt. Det vart teikna av Daniel Alexander og er synleg for skip 32 nautiske mil. Det er det første fyret ein ser på nordkysten av Anglesey når ein seglar austover. Fyret vert drifta av Trinity House.[1]

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1828, då det vart bygt ei hengebru i jern, kunne ein berre krysse det djupe sundet i ei korg festa til ein kabel av hamp. Hengebrua vart erstatta i 1964, men ho måtte stengast i 1983 fordi ho var for utrygg. Ei ny aluminiumsbru var bygt og fyret vart gjenopna for publikum i 1997. I dag kjem det tusenvis av folk til fyret kvart år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trinity House - South Stack page». Arkivert frå originalen 11. desember 2009. Henta 26. mars 2010.