South Taranaki District
| South Taranaki District | |
| Folketal: | 26 700 [1] (i distriktet) |
| Viktigaste by: | Hawera |
| Andre byar: | Manaia, Opunake, Patea, Eltham, og Waverley |
| Distrikt | |
|---|---|
| Namn: | South Taranaki District Council |
| Mayor: | Ross Dunlop |
| Utstrekning: | Paekakariki til Otaki; aust til Tararuas |
| Flatevidd: | 3 575,46 km² |
| Heimeside: | http://www.stdc.co.nz |
| Sjå òg: | Masterton, Wellington |
| Regionstyre | |
| Namn: | Taranaki |
| Heimeside: | http://www.trc.govt.nz/ |
South Taranaki er eit distrikt på vestkysten til Nordøya på New Zealand, mot Tasmanhavet, og omfattar byane Hawera, Manaia, Opunake, Patea, Eltham, og Waverley. Flatevidda til distriktet er 3 575,46 km² og folketalet 26 700 [1]. Distriktet høyrer til regionen Taranaki, men ligg i grenseområdet mellom regionane Wellington og Taranaki.
Innhaldsliste |
Historikk [endre]
I māori tradisjon vert det fortalt at Turi førte folket sitt, som var kome med Aotea wakaen (kanoen), gjennom landet frå Kawhia til Patea, medan dei som kom med Kurahaupo waka reiste frå landingsstaden sin ved Orakei til Taranaki. Folk i iwien Ngā Rauru, meiner bestemt at Kahui Rere ein māoristamme som vandra inn frå East Cape, alt heldt til på staden då dei kom fram. Ngā Rauru voks seinare fram som ei samansmelting av desse to gruppene[2]. Då europearane kom til Aotearoa, hadde māoriar halde til i dette området i fleire hundre år, rydda kyststripa til dyrkingsjord, men late innlandet stå att, stort sett urørt. Misjonærar nådde fram tidleg i 1840-åra, og i 1860-åra tok den europeiske busetjinga til for fullt.
Næringsvegar [endre]
Hovudnæringsvegen i distriktet er landbruk, og særleg mjølkeproduksjon er viktig. Elles er distriktet eit populært mål for turistar og andre tilreisande, og byen Opunake byr på dei beste tilhøva for surfing i regionen.
Referansar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Heimesida til South Taranaki District Council
- Informasjonssider for tilreisande til South Taranaki
- Kart over South Taranaki - kan zoomast
- Delar av denne artikkelen bygger på «South Taranaki District» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2009.