Southam

Koordinatar: 52°15′N 1°23′W / 52.250°N 1.383°W / 52.250; -1.383
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Southam

Market Hill i Southam
Market Hill i Southam
Market Hill i Southam
Plassering
Southam is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Warwickshire
Distrikt Stratford-on-Avon
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 509
Koordinatar 52°15′N 1°23′W / 52.250°N 1.383°W / 52.250; -1.383
Diverse annan informasjon
Postnummer CV47
Telefon-retningsnummer 0 1926
Commons har multimedium som gjeld: Southam

Southam er ein liten by i Warwickshire i England. Han ligg ved elva Stowe, som har utspringet sitt ved Napton-on-the-Hill, og renn forbi Southam før ho munnar ut i Itchen og så vidare inn i Leam.

Ein steintype som er vanleg i området er eigna til sementproduksjon, og det er eit stort steinbrot omkring halvannan kilometer nord for byen. For å frakte råvarer derfrå vart det lagt ei sidegrien frå Grand Union-kanalen inn til Southam. Mot slutten av 1990-åra vart sementfabrikken flytta til Rugby, men steinbrotet er enno i drift.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagt i angelsaksisk tid, og er nemnt i Domesday Book (1086).

Rett før borgarkrigen braut ut reiste Karl I gjennom byen. Innbyggjarane ynskte han ikkje velkommen, og nekta å ringe med kyrkjeklokkene. I 1642 budde kongen i Southam før slaget ved Edgehill. I 1645 var leiaren til den andre sida i byen, då Oliver Cromwell heldt til der saman med 7000 soldatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]