Southport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Southport

Lord Street, Southport
Lord Street, Southport
Plassering
Southport is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Merseyside
Distrikt Sefton
Grunnlagd 1793
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

93 637
Koordinatar 53°39′″N 3°0′″WKoordinatar: 53°39′″N 3°0′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PR8 & PR9
Telefon-retningsnummer 01704
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Southport

Southport er ein kystby i Merseyside i England, nord for Liverpool og sør for Preston. Byen låg tradisjonelt i Lancashire.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Southport vart grunnlagt i 1792 av William Sutton. Det låg då eldre busetjingar i området, blant anna området rundt St. Cuthberts kyrkje som er nemnt i Domesday Book, og nokre område som har namn av norrøn opphav.

På 1800-talet voks byen raskt sidan han fekk eit rykte for å vere ein finare stad enn nabobyen Blackpool. Forstadene er gamle landsbyar som byen har spreidd seg utover til: Crossens, Marshside, Churchtown, Blowick, Birkdale, Ainsdale og Woodwale. RAF Woodvale ligg ved sistnemnde landsbyen.

Louis Napoleon budde ei kort tid på Lord Street, som er hovudgata gjennom byen, før han vart keisar av Frankrike i 1851. Det har vorte sagt at fleire element i fornyinga hans av Paris minner sterkt om det ein finn på Lord Street, med boulevardar med tre langs sidene, tildekka gangvegar og arkadar.

Turisme er enno ein svært viktig del av økonomien til byen. Byen er òg ein stad der velståande familiar frå blant anna Liverpool, Preston og Manchester vel å slå seg ned; desse pendlarane bringar inn store skatteinntekter.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Den viktorianske piren i byen, Southport Piar, er både den lengste av sitt slag i Storbritannia og den første piren i landet som vart bygd utelukkande for fornøyelse. Blant andre attraksjonar finn ein fornøyelsesparken Pleasureland, seks golfbaner og den breie hovudgata Lord Street med gode handlehøve og restaurantar.

Royal Birkdale Golf Club er ein av klubbane som er vertskap for The Open Championship. Byen har òg ei rekkje årlege tilstelningar: flystevne, blomsterutstilling, utandørs konsert med klassisk musikk, jazzfestival, dansestevnet Southport Weekender og den årlege meisterskapen i musikalsk fyrverkeri. På sommaren har Orangemen ein årleg marsj gjennom byen, og dette er gjerne årets travlaste dag.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Hovudvegane inn til Southport er A565, A570 og A565. Det er ikkje noka direkte tilknyting til motorveg; M58 er den næraste, omkring 20 km frå byen via A570.

Det er regelmessige togavgangar til Liverpool, Wigan, Bolton, Manchester og Rochdale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]