Southwark-katedralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Southwark-katedralen frå ein nabobygning

Southwark-katedralen (St Mary Overie) er ein anglikansk katedral i Southwark, London. Den ligg på sørbreidda av Themsen, nær London Bridge, og er sete for Southwark bispedømme.

Jernbanelinja frå London Bridge-stasjonen til Cannon Street-stasjonen går rett utanfor katedralen, og blokkerer innsikta mot sørsida av katedralen.

Kyrkja blei bygd som ei soknekyrkje omkring 1220, med fleire ombyggingar fram til 1420. Den blei ein katedral først i starten av det 20. århundre, då det anglikanske bispedømmet Southwark blei oppretta. Dette er ein av to stader for anglikanske og katolske bispedømme som har same namn; det andre er Liverpool. I begge tilfella er det det katolske som er eldst, sjølv om det dreiar seg om ei nyetablering i moderne tid, då alle katolske bispedømme blei overtatt av Den engelske kyrkje ved reformasjonen. I begge tilfella er det også snakk om eit anglikansk bispedømme og eit katolsk erkebispedømme.

Den første organisten etter at den blei oppgradert til katedral var dr. E.T. Cook, som i 1920-åra og 1930-åra hadde daglege konsertar på BBC Radio.

I 2002 vann bispedømmet nybygg ved katedralen, kalla Southwark Cathedral's Millennium Buildings, ein pris for beste nye bygningar det året.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Southwark-katedralen