Sovjetrepublikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Våpenskjoldet til Sovjetunionen.

Ein sovjetrepublikk var ei eiga styreform innanfor Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar, USSR, (Sovjetunionen).

Unionen bestod formelt av likestilte sovjetrepublikkar som skulle ha eigne grunnlover, eigne lovgjevande forsamlingar og eigne styreorgan. Formelt hadde republikkane også rett til å tre ut av unionen. Sovjetunionen vart danna i 1922 og bestod då av den russiske, den kviterussiske, den ukrainske og den transkaukasiske sovjetrepublikken. Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken og den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken var til og med representert då SN vart skipa i 1948.

Sovjetrepublikkane kunne vidare delast inn i autonome republikkar i Sovjetunionen.

Liste over sovjetrepublikkane i unionen[endre | endre wikiteksten]

Dei baltiske sovjetrepublikkane[endre | endre wikiteksten]

Dei latviske, estiske og litauiske sovjetrepublikkane står fast på at dei aldri har vore ein del av Sovjetunionen. Årsaka er at innlemminga av dei baltiske statane i 1940 var basert på Molotov-Ribbentrop-pakta frå 1939 og difor var ulovleg. Dei baltiske statane meiner difor at dei forblei uavhengige statar under sovjetisk okkupasjon, og deira standpunkt får stønad frå EU, Den europeiske menneskerettsdomstolen, SN sitt menneskerettsråd og USA. Den russiske regjeringa hevdar på si side framleis at den sovjetiske annekteringa av dei baltiske statane var legitim. [1]

Andre sovjetrepublikkar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]