Vulkansprekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spaltevulkan)
Ein vulkansprekk og ein lavakanal.

Ein vulkansprekk er ein vulkanventil som det kjem lava ut av, vanlegvis utan eksplosiv aktivitet. Sprekken er vanlegvis nokre meter brei, men kan vere mange kilometer lang. Vulkansprekker kan skape store flaumbasaltar og lavakanalar. Denne typen vulkanar er vanlegvis vanskeleg å sjå frå bakken og frå rommet fordi dei ikkje har ein sentral kaldera og overflata nesten er flat. Vulkanen er vanlegvis ei sprekk på bakken eller havbotn. Smale sprekker kan fyllast med lava som størknar. Når erosjon fjernar dei omliggande jordmassane kan lavamassen stå igjen på overflata som ein mur. Sprekker finn ein vanlegvis lange rifter og riftsoner, som på Island og Riftdalen i Afrika.

På Island er vulkanventilar ofte lange sprekker parallell til riftsona der litosfæriske plater går frå kvarandre. Fornya utbrot oppstår vanlegvis frå nye parallelle sprekker eit par hundre til tusen meter frå dei tidlegare sprekkene. Denne fordelinga av ventilar og langvarige utbrot med flytande basaltisk lava byggjer vanlegvis opp tjukke lavaplatå i staden for ein enkel vulkansk haug. Sprekksystemet Lakagígar på Island produserte det største utbrotet på jorda i historisk tid og dannar ein flaumbasalt under Eldgjá-utbrotet i år 934. Her vart det spydd ut 19,6 km³ med lava.

Dei radielle vulkansprekkene til Hawaiivulkanane produserer «gardiner av brann» når lavafontener bryt ut i delar av ein sprekk. Desse ventilane produserae låge vollar av basalten som sprutar ut på begge sider av sprekken. Meir isolerte lavafontener langs sprekkene produserer rekker av små vollar og sinderkjegler. Fragmenta som dannar slike vollar er varme og plastiske nok til at dei vert sveist saman, medan fragmenta i sinderkjeglene er så pass kalde at dei ikkje smeltar saman.

Liste over vulkansprekker[endre | endre wikiteksten]

Namn Høgd Plassering Siste utbrot
meter Koordinatar
Laki 1 725 64°25′N 17°20′W / 64.42°N 17.33°W / 64.42; -17.33 1783
Lanzarote 670 29°02′N 13°38′W / 29.03°N 13.63°W / 29.03; -13.63 1824
Cordon Caulle 1 798 40°28′S 72°15′W / 40.46°S 72.25°W / -40.46; -72.25 1960
São Jorge 1 053 38°39′N 28°05′W / 38.65°N 28.08°W / 38.65; -28.08 1907
Vatnafjöll 1 235 63°55′N 19°40′W / 63.92°N 19.67°W / 63.92; -19.67 1200 år sidan
Quetena 5 730 22°15′S 67°25′W / 22.25°S 67.42°W / -22.25; -67.42 Ukjend
Nejapa Miraflores 360 12°07′N 86°19′W / 12.12°N 86.32°W / 12.12; -86.32 Ukjend
Manda-Inakir 600+ 12°23′N 42°12′E / 12.38°N 42.20°E / 12.38; 42.20 1928
Hertali 900? 9°47′N 40°20′E / 9.78°N 40.33°E / 9.78; 40.33 Ukjend
Gran Canaria 1 950 28°00′N 15°35′W / 28.00°N 15.58°W / 28.00; -15.58 Mindre enn 1000 år sidan
Fuerteventura 529 28°21′29″N 14°01′12″W / 28.358°N 14.02°W / 28.358; -14.02 Ukjend
Estelí 899 13°10′N 86°24′W / 13.17°N 86.40°W / 13.17; -86.40 Ukjend
Butajiri Silti-sletta 2281 8°03′N 83°51′E / 8.05°N 83.85°E / 8.05; 83.85 Ukjend
Bishoftu 1850+ 8°47′N 38°59′E / 8.78°N 38.98°E / 8.78; 38.98 Ukjend
Alu 429 13°49′N 40°33′E / 13.82°N 40.55°E / 13.82; 40.55 Ukjend
Singu-platået 507 22°42′N 95°59′E / 22.70°N 95.98°E / 22.70; 95.98 Ukjend
Ray Mountain 2 050 52°14′N 120°07′W / 52.23°N 120.12°W / 52.23; -120.12 Kvartær

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]