Spangereid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spangereid kyrkje

Spangereid er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Vest-Agder.

Frå 1837 var Spangereid ein del av Audnedal (Undal) formannskapsdistrikt saman med Konsmo, Valle og Vigmostad. Spangereid ligg på Riksveg 460 mellom Vigeland og Lindesnes fyr.

I 1844 blei Audnedal delt i to: Sør- og Nord-Audnedal. Spangereid og Valle utgjorde saman Sør-Audnedal kommune. Denne kommunen vart delt igjen i 1897. Valle overtok namnet Sør-Audnedal. Spangereid var sjølvstendig kommune fram til 1964. Frå 1. januar 1965 gjekk størstedelen av Spangereid saman med Sør-Audnedal og Vigmostad til ein ny kommune som fekk namnet Lindesnes kommune. Den vestre delen av kommunen (vest for Lenefjorden) vart ein del av Lyngdal kommune.

Spangereid er eit sokn i Mandal prosti i Agder og Telemark bispedøme. Spangereid har ein av Noregs eldste kyrkjer ; Spangereid kyrkje.

Spangereid har ein av tre barneskular i Lindesnes kommune, Spangereid skole.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spangereid har vore busett i dei aller eldste tider og staden har vore eit solid maktsentrum. Bygda er overstrødd av fortidsminne frå jernalderen, blant desse er ein militærforlegning og Spangereid kanal. Kanalen vart gjenoppbygd og opna att i 2007 for å la båttrafikken gå gjennom den gamle kanalen som i vikingetida. Dette for å sleppe å gå rundt Lindesnes fyr. Det finst óg restar av fleire store båtnaust og ei rekkje gravhaugar for kongar og stormenn frå vikingetida.

Ei gamal segn frå bygda, gjenfortald av presten og historikaren Peder Claussøn Friis i sin Norges Beskrivelse, utgeve i 1632, fortel at like innanfor Lindesnes kappskaut kong Olav Trygvasson og unge Einar Tambarskjelve med boge. Det må ha vore ein gong mellom år 995 og 1000 e.Kr., truleg rett før den fatale ferda som enda i slaget ved Svolder. Kongen tok med seg sine menn på kappskyting og valde den naturlege standplassen for konkurransen på toppen av Klovnehaugen, ein stor gravhaug aust for sjølve Spangereid sentrum, Høllen, og skaut over det opne landskapet sørvestover mot Ravnefjellet.

Einar Tambarskjelve med sin store boge skaut ein halv fjerdings veg, eit gamalt avstandsmål som tilsvarer ca. 1400 meter. Segna fortalde óg om kor pilane til Einar Tambarskjelve og Olav Tryggvason slo ned. Begge vart merkte med høge bautasteinar, og dei står der framleis.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]