Spanias kommunistiske parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spanias Kommunistiske Parti (Partido Comunista de España - PCE) er det tredje største partiet i Spania. Det er den sterkaste krafta innanfor venstrepartiet Izquierda Unida, og er historisk forbunde med den største fagorganisasjonen i landet i nyare tid, Comisiones Obreras (CC.OO.).

Det første kommunistpartiet i Spania vart skipa 15. april 1920, og sprang ut av ungdomsorganisasjonen til sosialistpartiet PSOE. 13. april 1921 skipa så ein Komintern-vennleg fløy av PSOE endå eit kommunistparti. PSOE gjekk elles med i Wiener-internasjonalen.

PCE vart så skipa 14. november 1921 ved at dei to kommunistpartia gjekk saman, og det sameinte partiet vart medlem i Komintern. Partiet leid mykje av forfølginga under diktaturet til general Primo de Rivera (1923-1930). Under folkefrontregjeringa og den spanske borgarkrigen 1936-1939 hadde PCE stor innverknad etter kvart som regjeringa vart avhengig av sovjetisk våpenhjelp.

På 1970-talet var PCE under leiaren Santiago Carillo med å utvikle eurokommunismen, ein meir moderne og demokratisk reformkommunisme/venstresosialisme som au prega bl.a. Det italienske kommunistpartiet.

Ungdomsorganisasjonen til PCE er Unión de Juventudes Comunistas de España (Forbundet av kommunistisk ungdom i Spania). PCE gir ut avisa Mundo Obrero (Arbeidar-verda).

På nettet[endre | endre wikiteksten]