Den spanske erobringa av Sardinia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spansk erobring av Sardinia)
Gå til: navigering, søk
Spansk erobring av Sardinia
Del av kvadrupelalliansekrigen
Dato August – november, 1717
Stad Sardinia, Det tysk-romerske riket
(dagens Italia)
Resultat Avgjerande spansk siger[1][2]
Partar
Flagget til Spania Spania Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Kommandantar
Flagget til Spania Markien av Lede
Flagget til Spania Hertugen av Montemar
Flagget til Det tysk-romerske riket Markien av Rubi
Styrkar
9 000 men[2][3]
9 linjeskip[3]
6 fregattar[3]
3 galeiar[3]
2 brannskip[3]
80 transportskip[3]
Ukjend

Den spanske erobringa av Sardinia fann stad frå august til november 1717. Det var den første militære handlinga mellom Spania og Det tysk-romerske riket etter den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714), og var den direkte årsaka til kvadrupelalliansekrigen (1718–1720).[1] Spanske soldatar kommandert av markien av Lede og Don José Carrillo de Albornoz, 1. hertug av Montemar, støtta av ein spansk flåte, slo lett keisaren sine soldatar, og erobra heile øya Sardinia, som hadde vore ein del av Riket sidan freden i Utrecht (1713). Øya vart no ein del av Spania att.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå kongedømet Sardinia (1700–1720).

Etter den spanske arvefølgjekrigen med freden i Utrecht, mista Spania alle områda sine i Italia og Dei sameinte Nederlanda. Spansk Nederland, hertugdømet Milano, kongedømet Napoli og Sardinia vart gjevne til Austerrike, medan Sicilia gjekk til hertugdømet Savoie. Desse områda hadde vore under spansk styre i nesten to hundreår, og tapet deira var eit stort slag for land både praktisk sett og i tap av prestisje.[4]

I 1717, då Spania igjen vart ei viktig militærmakt, og kong Filip V av Spania hadde ambisjonar om å ta attende dei spanske områda i Italia og Middelhavet, ønskte resten av dei europeiske maktene Storbritannia, Frankrike og Austerrike å styrke freden i Utrecht ved å avstå Sicilia til Karl VI av Det tysk-romerske riket. Spania var derimot ikkje nøgd med dette og ønskte attende heile øya.[5] Med denne bakgrunnen og arresten i Milano av den spanske storforhøyrsdommaren Jose Molina av austerrikarane, fekk Filip V påskotet han trengde.[2] I juli gav kongen av Spania den spanske flåten, som låg førebudd i Barcelona, ordre om å erobre Sardinia og starte striden mot Austerrike.[2]

Spansk erobring av Sardinia[endre | endre wikiteksten]

Mesteparten av det spanske toktet segla ut frå hamna i Barcelona den 24. juli, og den 30. juli segla resten av flåten.[6] Flåten, kommandert av marki de Mari, bestod av ni linjeskip, seks fregattar, tre galeiar, to brannskip og 80 transport- og handelsfartøy,[3] og soldtar, som bestod av 8500 infanteristar og 500 kavaleristar, kommandert av Don Juan Francisco de Bette, marki av Lede.[2]

Utsyn frå den aragonesiske borga (spansk: Castillo Aragonés) på Ischia.

Den 22. august gjekk dei spanske styrkane i land på Sardinia og i løpet av berre to månadar var heile øya erobra. Dei sardinske forsvararane vart kommandert av markien av Rubi.[1] Den psykologiske handlinga til markien av San Felipe var ein sterk medverkande årsak til at sigeren kom så raskt. Han reiste rundt på øya og oppfordra innbyggjarane, som ikkje var nøgde med det austerrikske styret, om å vende attende til det spanske styret.[1][2] Berre styrken til Alghero, den aragonesiske borga på øya Ischia, og den viktige byen Cagliari gjorde motstand, men etter kort tid valte dei austerrikske soldatane i Cagliari kommandert av Rubi å flyte nordover på øya då dei ikkje fekk forsterkingar, og den 4. oktober tok dei spanske soldatane byen.[1] Nokre dagar seinare, den 19. oktober, førte markien av Lede hovuddelen av dei spanske soldatane til Alghero, der dei kringsette festninga som til slutt kapitulerte den 25. oktober.[7] Den siste staden fall 30. oktober, og den spanske sigeren var komplett.[7]

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Portrett av Filip V av Spania til hest.

Den første reaksjonen til austerrikarane på invasjonen var liten, fordi Austerrike hadde sett alle ressursane sine inn i den austerriksk-tyrkiske krigen 1716-1718, og den austerrikske øvstkommanderande, prins Eugene av Savoie, ønskte å unngå ein stor krig i Italia med SPani. Freden i Passarowitz enda krigen med Det osmanske riket og Austerrike, og den 2. august første dette til kvadrupelalliansen vart danna.[1]

Samstundes, i juli 1718, hadde spanjolane med 30 000 mann,[2] inkluder fire regiment av dragonar,[1] igjen leia av markien av leda og ein flåte på 350 skip,[2] og over 250 kanonar, invadert Sicilia.[2] Dei spanske styrkane erobra Palermo den 7. juli, og så delte dei armeen sin i to. De Lede følgde kysten og kringsette Messina mellom 18. juli og 30. september, medan hertugen av Montemar erobra resten av øya.[2]

Franskmennene, austerrikarane og britane kravde at spanske trekte seg ut av Sicilia og Sardinia. Haldninga til Victor Amadeus II av Savoie var fleirtydig, sidan han valte å forhandle med den spanske statsministeren, kardinal Alberoni, om å danne ein allianse mot austerrikarane.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Spanish conquest of Sardinia» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2011.
  • Fernández Duro, Cesáreo. Armada Española desde la unión de los reinos de Castilla y Aragón. Vol/VI. Museo Naval. Madrid (1973)
  • Martínez Laínez, Fernando/Canales, Carlos. Banderas Lejanas. Ed. EDAF (2009) ISBN 978-84-414-2121-9
  • Alonso Aguilera, Miguel Ángel. La Conquista y el dominio español de Cerdeña 1717-1720. Universidad de Valladolid (1977)
  • Lafuente, Modesto. Historia General de España (Volume IX) Madrid (1862)
  • Chandler, David G. The Art of Warfare in the Age of Marlborough. Spellmount Limited (1990) ISBN 0-946771-42-1
  • Suárez Fernández, Luis. Historia general de España y América: La España de las reformas: Hasta el final del reinado de Carlos IV. (1984) ISBN 84-321-2119-3
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Suárez Fernández p.277
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 Laínez/Canales s.220
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Fernández Duro Vol.6
  4. Laínez/Canales s.219
  5. Suárez Fernández s.276
  6. 6,0 6,1 Lafuente Vol.9
  7. 7,0 7,1 Alonso Aguilera. La Conquista y el dominio español de Cerdeña 1717-1720