Spansk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spansk geografi
Topografisk kart over Spania
Topografisk kart over Spania
Plassering
Land Spania
Koordinatar 40°N 4°WKoordinatar: 40°N 4°W
Totale landegrenser 1 917,8 km
Grenseland Portugal (1214 km), Frankrike (623 km), Andorra (63,7 km), Marokko (Melilla) (9,6 km), Marokko (Ceuta) (6,3 km), Gibraltar (1,2 km)
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

504 782 km²
98 96 % km²
1 04 % km²
Kystlinje 4 964 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Teide (Kanariøyane) 3718 moh
Mulhacén (Den iberiske halvøya) 3477 moh
Atlanterhavet, Middelhavet 0 moh
Lengste elv Tajo 1038 km
Største innsjø Lago de Sanabria
Maritime krav
Kontinentalsokkel 24 nautiske mil (44 km)
Økonomisk sone 200 nautiske mil (370 km) (gjeld berre i Atlanterhavet)
Territorialfarvatn 12 nautiske mil (22 km)
Arealbruk
Dyrkbar mark 30 %
Permanente avlingar 9 %
Permanente beitemarker 21 %
Skogområde 32 %
Anna 8 %
Irrigert land 34 530 km²
Naturressursar
kol, brunkol, jernmalm, uran, kvikksølv, svovelkis, flusspat, gips, sink, bly, wolfram, kopar, kaolin, potoske, vasskraft, dyrkbar mark.
Naturfarar
periodisk tørke, skogbrann
Miljøproblem
Forureining av Middelhavet på grunn av ureinsa kloakk og utslepp frå olje- og gassproduksjon. Dårleg vasskvalitet og mangel på drikkevatn. Luftforureining. Avskoging. Ørkenspreiing
Spansk geografi - Kart over Spania
Kart over Spania

Spania ligg sørvest i Europa og utgjer om lag 84 % av Den iberiske halvøya. Det totale arealet er 504 782 km² der 499 542 km² er land og 5 240 km² er vatn.[1]

Av grensene til Spania er 4 964 km (88 %) vatn og 1917,8 km land (12 %).[1] Det kantabriske havet (Biscayabukta) ligg i nord, Middelhavet og Det baleraiske havet ligg i aust og søraust, Portugal og Nord-Atlanteren i vest og Frankrike og Andorra i nordaust langs Pyreneane. Middelhavskysten er 1660 km lang og Atlanterhavskysten 710 km. Pyrenane er ei fjellkjede som strekkjer seg 435 km frå Middelhavet til Biscayabukta. Heilt sør i Spania ligg Gibraltarsundet, som skil Spania og resten av Europa frå Marokko i Nord-Afrika. På det smalaste er sundet mellom Spania og Marokko berre 13 km.

Bortsett frå på Den iberiske halvøya finst det fleire spanske området: Balearane, ei øygruppe i Middelhavet, Kanariøyane i sørvest, 108 km vest for Nord-Afrika og fem plazas de soberania, området som Spania har suverenitet over på og utanfor kysten av Marokko: Ceuta, Melilla, Islas Chafarinas, Peñón de Alhucemas og Peñón de Vélez de la Gomera.

Ytre grenser og landformer[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Spania grensar til sjø: Middelhavet i sør og aust for Gibraltar til den franske grensa, og Atlanterhavet i nordvest og sørvest (i sør som Cádizbukta og i nord som Biscayabukta). Spania deler òg grense med Frankrike og Andorra langs Pyreneane i nordaust, med Portugal i vest og det vesle britiske oversjøiske territoriet Gibraltar nær sørenden av landet. Tillegging av Gibraltar til Spania er framleis ei pågåande sak mellom Spania og Storbritannia, og det same gjeld den spanske suvereniteten over områda i Marokko.

Spania har òg ein liten eksklave inne i Frankrike som heiter Llívia.

Størsteparten av fastlands-Spania består av Meseta Central, eit høglandsplatå med fjellkjeder både rundt og på tvers av platået. Andre landformer er ei smal kystslette og nokre elvedalar i låglandet. Dei viktigaste av desse er Den andalusiske sletta i sørvest. Landet kan delast inn i ti naturlege regionar eller underregionar. Den mest dominerande er Meseta Central, samt Cordillera Cantabrica og den nordvestlege regionen Ibérico, Pyrenane, Penibético-regionen i søraust, Den andalusiske sletta, Ebrodalen, kystslettene, Balearane og Kanariøyane. Desse vert vanlegvis gruppert i fire område: Meseta Central og dei tilknytte fjella, andre fjellområde, låglandsområda og øyane.

Det indre platået og tilknytte fjell[endre | endre wikiteksten]

Meseta Central («Det indre platået») er eit svært platå i hjarte av Spania og har ei høgd som varierer frå 610 til 760 meter over havet. Rundt platået ligg høgare fjell og platået heller svakt mot vest til ei rekkje elvar som dannar noko av grensa mot Portugal. Sistema Central, skildra som ei «ryggraden» til Meseta Central, deler Meseta i ein nordleg og ein sørleg del. Den nordlege delen er høgare og mindre enn den sørlege. Sistema Central går gjennom hovudstaden Madrid og har ei høgd på 2400 moh nord for byen og lågare høgder sør for han. Vest for Madrid ligg den høgaste toppen i Sistema Central, Pico Almanzor, på 2592 moh. Fjella i Sistema Central, som held fram vestover og inn i Portugal, syner teikn etter isbrear og dei høgaste fjelltoppane er snødekte året rundt. Trass ihøgda skapar ikkje fjellsystemet ei stor barriere mellom dei nordlege og sørlege delane av Meseta Central på grunn av fleire pass som har gjort veg- og jernbanekommunikasjonen mellom dei to områda lettare.

Den sørlege delen av Meseta Central er vidare delt av fleire fjellkjeder, Montes de Toledo i aust og Sierra de Guadalupe i vest. Toppane her er ikkje høgare enn 1500 meter over havet. Desse har òg mange pass som gjer kommuniasjonen mellom Meseta og Den andalusiske sletta lettare. Dei to fjellkjedene er fråskilde Sistema Central i nord av den lengste elva på Den iberiske halvøya, Tajo.

Picos de Europa i Nord-Spania

Fjellområdet rundt Meseta Central er Sierra Morena, Cordillera Cantábrica og Sistema Ibérico. Langs sørsida av Meseta Central ligg Sierra Morena med ei forlenging sørover i aust, Sistema Iberico. Ho går vestover på nordsida av elvedalen Guadalquivir til fjella i Sør-Portugal. Massivet Sierra Morena strekkjer seg nordover til Río Guadiana, som skil ho frå Sistema Central. Trass i relativt låge høgder, sjeldan over 1300 moh, er Sierra Morena kuperte.

Cordillera Cantábrica består av kalkstein og går parallelt til og nær nordkysten nær Biscayabukta. Det høgaste punktet her er Picos de Europa, på over 2600 moh. Cordillera Cantábrica strekkjer seg 182 km og fell brått 1500 m om lag 30 km frå kysten. I vest ligg åsane i den nordvestlege regionen og i aust ligg Baskarfjella som knyt fjellkjeda til Pyrenane.

Sistema Ibérico strekkjer seg frå Cordillera Cantábrica og søraustover nær Middelhavet frå Río Ebro til Río Júcar. Dei nakne, ulendte fjellsidene av dette fjelelt dekkjer eit område på 21 000 km². Fjella går over 2000 moh i nord og er på det høgaste 2300 moh aust for kjelda til elva Duero. Fleire djupe, smale kløfter skjer seg inn i dei særs bratte fjellsidene i denne fjellkjeda.

Andre fjellområde[endre | endre wikiteksten]

Utanfor Meseta Central ligg Pyrenane i nordaust og Sistema Penibético i søraust. Pyrenane strekkjer seg frå austenden av Cordillera Cantábrica til Middelhavet og dannar ein solid barriere og ei naturleg grense mellom Spanai og både Frankrike og Andorra, som gjennom historia effektivt har isolert desse landa frå kvarandre. Det finst berre enklare passasjer heilt vest og heilt aust i fjellkjeda der det er lågare terreng. Det er her dei internasjonale vegane og jernbanane kryssar grensa. I den sentrale delen av Pyrenane er det vanskeleg å krysse fjellkjeda. Fleire stader strekkjer fjella seg over 3000 meter over havet. Det høgaste er Pico de Aneto på over 3400nbsp;m.

Sistema Penibético strekkjer seg nordaustover frå sørenden av Spania og går parallelt til kysten før ho glir over i dei sørlegaste områda av Sistema Ibérico nær Rio Júcar. Sierra Morena er ein avstikkar som går austover. Sierra Nevada er ein del av Sistema Penibético sør for Granada og her ligg det høgaste fjellet på heile Den iberiske halvøya, Mulhacén, på 3479 moh. Fleire andre fjell i fjellkjeda går òg over 3000 meter over havet.

Låglandsområda[endre | endre wikiteksten]

Dei største låglandsområda i Spania er Den andalusiske sletta i sørvest, Ebrodalen i nordaust og kystslettene. Den andalusiske sletta er i røynda den vide elvedalen som Guadalquivir renn gjennom. Elva vert breiare etter kvart som ho nærmar seg kysten og er på det breiaste ved Cadizbukta. Den andalusiske sletta grensar i nord til Sierra Morena og i sør til Sistema Penibético. Sletta smalnar inn i aust der dei to fjellkjedene møter kvarandre. Ebrodalen er danna av elva Ebro og er avgrensa av fjell på tre sider, Sistema Ibérico i sør og vest, Pyrenane i nord og aust og kystfjella som går parallelt til kysten i aust. Mindre lågtliggande elvedalar nær den portugisiske sida av Tajo og Guadiana finst òg.

Kystslettene er ei smal stripe mellom kystfjella og havet. Dei er breiast nær Cadizbukta, der kystsletta går over i Den andalusiske sletta og langs den sørlege kysten og sentrale område av austkysten. Den smalaste kyststripa finn ein langs Biscayabukta der Cordillera Cantábrica endra nær kysten.

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Dei andre regionane i Spania er Balearane i Middelhavet og Kanariøyane i Atlanteren. Balearane dekkjer eit område på totalt 5000 km² og ligg 80 km utanfor austkysten av Spania. Fjella her er ei forlenging av Sistema Penibetico. Det høgaste punktet i øygruppa er på om lag 1400 moh og ligg nordvest på Mallorca, nær kysten. Sentralt på Mallorca ligg ei slette, som i aust og søraust grensar til åsar.

Kanariøyane ligg nitti kilometer vest for Afrika og er av vulkansk opphav. Dei store sentrale øyane Gran Canaria og Tenerife har dei høgaste fjelltoppane. Pico de Las Nieves på Gran Canaria er 1949 moh og Teide på Tenerife er 3717 moh. Teide er ein sovande vulkan og det høgaste fjellet i heile Spania.

Drenering[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå elvar i Spania.
Guadalquivir i Cordoba

Det finst om lag 1800 elvar og småelvar i Spania. Berre Tajo er over 1000 km, men over 90 elvar er nær 100 km eller lengre. Desse kortare elvarne fører med seg lite vatn og tørkar stundom heilt inn om sommaren. Dei kan likevel føre med seg store vassmengder i våtare periodar og føre til flaum. Dei fleste større elvane har utspring i fjellområda rundt eller i Meseta Central og renn vestover over platået og gjennom Portugal før dei munnar ut i Atlanterhavet. Eit viktig unntak er Ebro, som renn austover og ut i Middelhavet. Elvane heilt i nordvest og på den smale nordlege kystesletta drenerer direkte ut i Atlanteren. På nordvestkysten finn ein fleire elveestuar som kan minne om fjordar.

Av dei største elvane renn vestover gjennom Meseta Central finn ein Duero, Tajo, Guadiana og Guadalquivir. Guadalquivir er ei av dei viktigaste elvane i Spania fordi ho gjev vatn til ein frodig dal og dermed skapar eit rikt jordbruksområde. I tillegg kan han nyttast til elvefart i innlandet, noko som gjer Sevilla til den einaste hamnebyen i innlandet i Spania. Den største elva i nordvest er Miño.

El Atazar-dammen er ein stor dam nær Madrid som gjev vassforsyning til byen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimatiske område i Spania

Klimaet i Spania skil seg frå resten av Europa. Med Atlanterhavet i vest og Middelhavet i aust og ei rekkje fjellkjeder på kryss og tvers er klimaforholda i Spania svært kompliserte. Som i resten av Europa er vinteren den våtaste tida av året, særleg på nordkysten der det kan regne ganske mykje. Enkelte dagar kan det komme snø på det lågareliggjande platået i sør, inkludert Madrid, medan dei nordlege områda oftare får snø. Flyttar ein seg opp i fjella i nord kan ein få nokså mykje snø i løpet av vinteren. Dei indre områda kan få nokså kjølige forhold om vinteren, særleg i samband med vind, medan temperaturen langs kysten sjeldan går under 0 °C.

Om sommaren er det derimot motsett, og det er dei indre områda som får dei høgaste temperaturane. I dei sørlege indre områda finn ein dei høgaste temperaturane som er målt i Europa (50 °C). Kystområda har som regel temperaturar under 30 °C. Om hausten byrjar regnbyene å ta seg opp og dei austlege delane av Pyreneane og dei nordlege provinsane langs Middelhavskysten kan få kraftige byer. Dette kan innimellom føre til kortvarige intense flaumar. Men dette området kan òg ha lange periodar med tørke om hausten.

Sørover langs kysten blir det derimot meir sol, særleg langs Costa Blanca og Costa del Sol. Vinteren her er mild og sommaren varm, men sjeldan svært varm, og fukta er relativt låg. Frå hausten til våren kjem det regn om lag ein gong i veka, og når det er ikkje er regn er det ofte klårvêr. Det same gjeld for Andalucia, som har lite eller ingen skyer 100 til 150 dagar av året. Så mykje klårvêr viser seg igjen i temperaturen, og om sommaren er det vanlegvis 38 °C og høgare. Lufta kan i tillegg vere nokså fuktig, men det blir sjeldan nedbør ut av det. Sierra Nevada-fjella kan likevel få snø om vinteren. På nordkysten av Spania har ein eit sommarklima som ikkje er ulikt det ein finn i England.

Madrid har ein normal årsnedbør på 444 mm, medan Santander på nordkysten har 1189 mm. Den sørlege Middelhavskysten har derimot berre 200-250 mm, og i perioden juni-august er normalen berre rundt 10 mm.

Temperaturekstremar i utvalde byar[endre | endre wikiteksten]

Den lågaste temperaturen som er målt i Spania er -32 °C i Lago Estangento i Pyreneane (Lerida) og den høgaste målte temperaturen er 50,0 °C i Sevilla.[2]

Stad Varmerekord Kulderekord
C) C)
Middelhavet
Murcia   47,2 °C       –6,0 °C  
Malaga   44,2 °C       –3,8 °C  
Valencia   42,5 °C       –7,2 °C  
Alicante   41,4 °C       –4,6 °C  
Palma   40,6 °C  
Barcelona   39,8 °C     –10,0 °C  
Gerona   41,7     –13,0 °C  
Indre område
Sevilla   50,0 °C       –5,5 °C  
Cordoba   46,6 °C  
Badajoz   45,0 °C  
Albacete   42,6 °C     –24,0 °C  
Zaragoza   43,1 °C  
Madrid   42,2 °C     –14,8 °C  
Burgos   41,8 °C     –22,0 °C  
Valladolid   40,2 °C  
Salamanca   –20,0 °C  
Teruel   –27,0 °C  
Kysten av Nord-Atlanteren C) C)
Orense   42,6 °C     –9,0 °C  
Bilbao   42,0 °C     –8,6 °C  
La Coruña   37,6 °C     –4,8 °C  
Gijón   36,4 °C     –4,8 °C  
Kanariøyane
Las Palmas de Gran Canaria   38,6 °C     11,4 °  

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Største byar etter folketal[endre | endre wikiteksten]

Største storbyområde[endre | endre wikiteksten]

Dei største storbyområda i 2007 var:[3]

  1. Madrid 5 603 285
  2. Barcelona 4 667 136
  3. Valencia 1 671 189
  4. Sevilla 1 294 081
  5. Bilbao 950 829
  6. Málaga 897 563
  7. Asturias (Gijón-Oviedo) 857 079
  8. Alicante-Elche 748 565
  9. Zaragoza 731 803
  10. Vigo 662 412
  11. Las Palmas de Gran Canaria 616 903
  12. Bahía de Cádiz (Cádiz-Jerez de la Frontera) 615 494
  13. Santa Cruz de Tenerife 573 825
  14. Murcia 563 272
  15. Palma de Mallorca 474 035
  16. Granada 472 638
  17. San Sebastián 402 168
  18. Tarragona 406 042
  19. A Coruña 403 007
  20. Valladolid 400 400
  21. Santander - Torrelavega 391 480
  22. Cordoba 323 600
  23. Pamplona 309 631

Miljøvernsavtalar[endre | endre wikiteksten]

  • Delaktig i avtalar som omfattar: Luftforureining, luftforureining ved nitrogenoksyd og svovel, samt flyktige organiske stoff, Antarktisavtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstrua dyrearta, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, dumping til sjøs, bevaring av sjøliv, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer, våtmarksområde og kvalfangst.
  • Signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining av persistente organiske stoff, Kyotoavtalen, ørkenspreiing.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Spania» (html). The World Factbook. Central Intelligence Agency. 2008. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/sp.html. Henta 2008-12-09. 
  2. «World Temperature Extremes». iinet. http://members.iinet.net.au/~jacob/worldtp.html. 
  3. Ruiz, Francisco (2007). «Población de las áreas urbanas y metropolitanas» (xls). Población de España - datos y mapas. Alarcos Research Group. http://alarcos.inf-cr.uclm.es/per/fruiz/pobesp/dat/areas.htm. Henta 2008-12-10.