Sparta Warriors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sparta Warriors er eit ishockeylag frå Sarpsborg, som var ein del av idrettslaget Sparta Sarpsborg (stifta i 1958). Sparta Warriors spelar sine heimekampar i Sparta Amfi, og har dei siste åra vore eit stabilt sluttspelslag omtrent midt på treet i den norske eliteserien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1960-og 70-talet[endre | endre wikiteksten]

I 1963 blei Noregs fyrste ishall bygd, Sparta Amfi, plassert der hallen er i dag. Sparta rykte opp til øvste divisjon allereie i 1965. Sparta sleit med eit "midt i mellom"-lag og enda opp som eit såkalla heislag, som rykte opp og ned nærmast annakvart år.

1980-talet, stordomstida[endre | endre wikiteksten]

I sesongen 80/81 kom svenske Lasse Beckman inn som trenar, og gjorde eit vinnarlag av Sparta. Sparta tapte NM-finalen mot Furuset Ishockey i 1983, men allereie i sesongen 1983/84 vann Sparta serien og sitt fyrste NM-gull, då Vålerenga blei slått i finalane. Sesongen 1985/86 blei Sparta seriemeister igjen. I 1986 heldt Sparta på å bli eit av de fyrste laga som gjekk konkurs, dei klarte ikkje å betala gjelda dei hadde pådrege seg etter spelarkjøp. Tune kommune (no Sarpsborg ) overtok alle aksjane i Sparta Amfi. I 1989 vann Sparta litt overraskande sin andre NM-finale etter å ha slått Trondheim Ishockeyklubb 4-2 i Sparta Amfi med over 5000 tilskodarar.

1990-talet[endre | endre wikiteksten]

Sesongen 94/95 blei ein nedtur både økonomisk og sportsleg, og sommaren 1995 gjekk IL Sparta konkurs med ei gjeld på 2 millionar. Men eit nytt Sparta kom att under namnet Sparta Sarpsborg. I sesongen 96/97 spelte Sparta sin fyrste sesong i 1. divisjon. Sparta rykte opp i eliteserien sesongen 97/98.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Sparta var i mange år midt på tabellen, med både nedturar og oppturar. I sesongen 2007/2008 blei Sparta nr.3 på tabellen, men tapte i kvartfinalen mot naboen IK Comet. I sesongen 2008/2009 kom Sparta Warriors sitt fyrste edle metall til Sarpsborg, i form av eit seriegull. Sesongen vart kruna med 4-2 i kamper til Vålerenga Ishockey under NM-finalane.

2010-talet[endre | endre wikiteksten]

I sesongen 2009/2010 vart det seriesylv bak Vålerenga Ishockey. Sparta gjekk vidare i kvartfinalen mot Stjernen Hockey men det blei semifinale-exit etter Stavanger Oilers som tok sitt fyrste NM-gull mot Vålerenga Ishockey. Før sesongen 2010/11 blei Lenny Eriksson trenar for Sparta, og eit nytt seriegull med 108 poeng. Sparta kom seg relativt greitt til finale etter at dei slo Lillehammer Ishockeyklubb 4-1 i kampar under semifinalane og Rosenborg IHK 4-0 i kvartfinalane. Der slo dei Stavanger Oilers 3-0 med over 3500 tilskodarar i Sparta Amfi, 4-1 i kampar. Det var fyrste kongepokalen til klubben på 22 år.

Klubblegender[endre | endre wikiteksten]

  • Lasse Beckman (1943-), trenar den fyrste gongen Sparta tok "The Double"
  • Siwert Andersson, noregsrekord med 110 poeng på ein sesong i 1985/1986
  • Geir Myhre (1954-), vann Gullpucken i 1982 som fyrste Sparta-spelar nokonsinne
  • Tore Jobs (1956-), trenar då Sparta tok seriegull i 1986 og klubbdirektør under neste seriegull
  • Harald Lückner (1957-), trenar då Sparta vann andre Noregsmeisterskap i 1989
  • Stephen Foyn (1959-), verdsrekorden for raskaste mål (4 sekund ut i kampen) og Gullpucken i 1990
  • Igor Misjukov (1961-), fyrste sovjetrussar i norsk ishockey
  • Per Christian Knold (1968-), over 600 poeng i ein 20 år lang karriere for Sparta
  • Per-Åge Skrøder (1978-), den lokale Sparta-spelaren med flest landskamper og poengkonge i svensk eliteserie
  • Jonas Solberg Andersen (1981-), poengkonge i norsk eliteserie i 2006/2007
  • Jonas Holøs (1987-), Sarpsborgs fyrste NHL-spelar, og Noregs sjette. Drafta i runde 6 av Colorado Avalanche
  • Jorid Dagfinnrud Øiestad (1989-), fyrste kvinne som nokon gong har vore meldt opp til ein eliteseriekamp på herresida.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

IL Sparta har vorte noregsmeister to gonger, i 1984 og 1989.

Som Sparta Warriors har klubben vorte norgesmeister éin gong; i 2011

Seriemeisterskap[endre | endre wikiteksten]

IL Sparta har to seriemeisterskap, i sesongane (1983/84, 1985/86.

Som Sparta Warriors har klubben vorte seriemeister to gonger, i sesongen 2008/09 og sesongen 2010/2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]