Spath Crest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 80°39′S 26°12′W
Spath Crest
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Fjellkjede Shackletonkjeda
Topp Coats Land
 - høgd 1 450 moh
 - koordinatar 80°39′S 26°12′W
Administrertunder Antarktistraktaten
Spath Crest is located in Antarktis
Spath Crest (Antarktis)

Spath Crest er eit fjell med ei høgd opp mot kring 1450 m som ligg heilt nordvest i Du Toit Nunataks i Read Mountains i Shackletonkjeda. Det vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967 og kartlagd av British Antarctic Survey (BAS) mellom 1968-71. I samband med at stader i området vart namngjevne etter geologar, vart det namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Leonard F. Spath (1882–1957), ein britisk paleontolog og stratigraf som studerte ammonittar slik at ein kunne korrelere desse mot bergartar frå mesozoikum. Spath var òg paleontolog for British Museum of Natural History frå 1912-57.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Spath Crest» (innhald frå Geographic Names Information System).