Speak to Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Speak to Me
Song av Pink Floyd
frå albumet The Dark Side of the Moon
Utgjeve 17. mars 1973
Innspelt Juni 1972 - januar 1973
Sjanger Musique concrète
Lengd 1:30
Låtskrivar(ar) Nick Mason

«Speak to Me» er opningssporet på albumet The Dark Side of the Moon av den britiske rockegruppa Pink Floyd frå 1973. Sporet fungerer som ein slags ouverture, og Nick Mason står som «låtskrivar». Waters hevda derimot seinare at dette var ei «gåve» til Mason, noko han angra på etter han forlet bandet.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Sporet er utan tekst eller melodi, men det inneheld ein del konversasjon her og der, i tillegg til eit kort klipp av Clare Torry sin vokal frå «The Great Gig in the Sky» og ein del lydeffektar. Sporet byggjer seg opp mot den første verkelege songen på albumet «Breathe», og dei heng i saman. På enkelte utgåver av albumet er begge songane i lag som første spor, og derfor vert dei ofte spelte i lag på radio.

Lydeffektar[endre | endre wikiteksten]

  • Hjarteslag — dette kan ein og høyre på slutte av albumet på songen «Eclipse»
  • Tikkande klokker — viser til songen «Time»
  • Manisk latter — viser til songen «Brain Damage»
  • Kasseapparat — viser til songen «Money»
  • Helikopterlyd — viser til songen «On the Run»
  • Skrik — viser til songen «The Great Gig in the Sky»

Stemmer[endre | endre wikiteksten]

  • «I've been mad for fucking years, absolutely years, been over the edge for yonks, been working me buns off for bands... for Roger...»
  • «I've always been mad, I know I've been mad, like the most of us are...very hard to explain why you're mad, even if you're not mad...»