Species plantarum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Species Plantarum)
Tittelbladet til Species plantarum

Species plantarum er ei av Carl von Linné sine bøker (den fulle tittelen er Species Plantarum, exhibentes plantas rite cognitas, ad genera relatas, cum differentiis specificiis, nominibus trivialibus, synonymis selectis, locus natalibus, secundum systema sexuale digestas, som er latin og tyder Planteartane, [ei bok som] grundig legg fram dei kjende plantane og dei tilhøyrande slektene med skilnader mellom artane, trivialnamna, utvalde synonym, lokalitetar, og som vidare forklarer seksualsystemet). Boka skildra alle kjende plantar og er den første som konsekvent brukar todelte artsnamn (binomen). Ho er rekna som ein milepåle i historia til den biologiske systematikken.

Mange av dei vitskaplege namna som Linné innførte i boka, er i bruk den dag i dag. Og sjølv om nokre artsnamn har vorte endra gjennom tidene, har botanikarane halde på Linnés prinsipp for namngjeving av artar, nemleg med todelte namn, samansette av eit slektsnamn pluss eit artsnamn. Plantane vart klassifiserte i tråd med seksualsystemet som Linné hadde utvikla. Det tok utgangspunkt i støvberarane og fruktemna. Seksualsystemet er forlate i dag, men vert enno bruka i botaniske klassifikasjonsnøklar.

Førsteutgåva kom i 1753. Dette året og denne boka er sidan definert som startpunktet for dagens botaniske nomenklatur. Det tilsvarande verket for dyr er første bandet av Linné si bok Systema naturae frå 1758.

Species plantarum hadde i førsteutgåva 1 200 sider fordelt på to band som omtalte 5 900 artar. Verket kom ut med ytterlegare to utgåver medan Linné levde. Omfanget hadde då auka til 1 682 sider. Året etter at Linné døydde, vart den fjerde utgåva utgjeven. Denne hadde fire band på til saman 3 086 sider.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]