Species plantarum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tittelbladet til Species plantarum

Species plantarum er ei av Carl von Linné sine bøker (den fulle tittelen er Species Plantarum, exhibentes plantas rite cognitas, ad genera relatas, cum differentiis specificiis, nominibus trivialibus, synonymis selectis, locus natalibus, secundum systema sexuale digestas, som er latin og tyder Planteartane, [ei bok som] grundig legg fram dei kjende plantane og dei tilhøyrande slektene med skilnader mellom artane, trivialnamna, utvalde synonym, lokalitetar, og som vidare forklarer seksualsystemet). Boka skildra alle kjende plantar og er den første som konsekvent bruker todelte artsnamn (binomen). Ho er rekna som ein milepæl i historia til den biologiske systematikken.

Mange av dei vitskaplege namna som Linné innførte i boka, er i bruk den dag i dag. Og sjølv om nokre artsnamn har vorte endra gjennom tidene, har botanikarane heldt på Linnés 'prinsipp for namngjeving av artar, nemleg med todelte namn, samansett av eit slektsnamn pluss eit artsnamn. Plantane vart klassifiserte i tråd med seksualsystemet som Linné hadde utvikla. Det tok utgangspunkt i støvbærarane og fruktemna. Seksualsystemet er forlate i dag, men vert enno bruka i botaniske klassifikasjonsnøklar.

Førsteutgåva kom i 1753. Dette året og denne boka er sidan definert som startpunktet for dagens botaniske nomenklatur. Det tilsvarande verket for dyr er første bandet av Linné si bok Systema naturae frå 1758.

’’Species plantarum’’ hadde i førsteutgåva 1200 sider fordelt på to band som omtalte 5900 artar. Verket kom ut med ytterlegare to utgåver medan Linné levde. Omfanget hadde då auka til 1682 sider. Året etter at Linné døydde vart den fjerde utgåva utgjeven. Denne hadde fire band på tilsaman 3086 sider.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen byggjer på ei omsetjing av tilvarande bokmålsartikkel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]