Speed of Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Speed of Life
Song av David Bowie
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt 1976
Sjanger Kunstrock
Lengd 2:46
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«Speed of Life» er den første instrumentalen til David Bowie. Han er opningssporet på albumet Low frå 1977.

«Speed of Life» introduserer Low og i lag med med ein liknande livleg instrumental, «A New Career in a New Town», er han ei bokstøtta for A-sida på albumet. Songen gjev raskt fleire hint om innhaldet på albumet med tung bruk av synthesizerar som både effektar og instrument, med dei tunge trommene til Dennis Davis og overlagte effektar som skapar ein heilt annan miks enn på tidlegare Bowie-album.

Det var opphavleg planlagt ein tekst for songen, men Bowie gav opp ideen etter fleire forsøk og kom fram til at stykket stod seg best på eiga hand.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit konsertopptak frå Heroes-turneen i Philadelphia Spectrum, 28-29. april 1978, vart gjeven ut på konsertalbumet Stage.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Be My Wife» i juni 1977.
  • Songen finst i Sound and Vision-boksen
  • Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • ST-37 - Only Bowie (1995)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]