Spektrograf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horisontal solspektrograf ved Det tsjekkiske astronomiinstituttet i Ondřejov i Tsjekkia.

Ein spektrograf er eit spektroskop der spekteret blir registrert fotografisk. Vanlegvis meiner ein med spektrograf ein optisk spektrograf som blir for brukt synleg ljos, og som med små modifikasjonar kan brukast for infraraud og ultrafiolett stråling. Vakuumspektrograf har lyskjelde, gitter og fotografisk plate i lufttomt rom. Han blir brukt for ultrafiolett stråling med bølgjelengd under 200 nm, fordi slik stråling blir absorbert sterkt i luft og dei fleste andre gassarter. For å unngå bruk av linser, som òg absorberer sterkt i dette området, brukast konkavgitter.

Lydspektrograf er eit elektronisk apparat som ved hjelp av filter analyserer lydbølgjer i tid, frekvens og intensitet. Denne vart utvikla ved Bell Telephone Laboratories i USA, under andre verdskrigen og seinare vidareutvikla gjennom moderne datateknologi. Den kommersielt tilgjengelege utgåva blir kalla sonagraf. Spektrografen gjev eit bilete av dei fysiske eigenskapane til lydbølgja. Dette biletet blir kalla spektrogram (lydspektrogram, sonagram). Slike apparat er av stor tyding i instrumentalfonetikken ved analyse av lydbølgjer i samband med tale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Spektrograf. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013.